Tysdag inviterer Sauda sogelag til det første møtet i 2020. Då får vi besøk av Sigved Gramstad som kjem for å fortelje om faren, Olav Gramstad sitt liv og virke i Sauda.
I meir enn førti år var doktor Gramstad sjølve legen i Sauda – alltid til teneste for liten og stor, ung og gamal, med ein arbeidskapasitet alle beundra. Han kom til bygda i 1939, slutta som distriktslege i 1975, men heldt fram med legepraksisen i Hellebygget til i 1985. Då var han 77 år gamal.
Sigved Gramstad blei også lege. No er han pensjonist i Haugesund, og tysdag tar han turen inn til Sauda og til sogelaget.
Eg vil presentere faren min på ein litt annan måte enn slik dei fleste saudabuane kjente han. Det blir vel nærast som eit uhøgtideleg kåseri om doktor Gramstad som pappa Olav, og om korleis eg opplevde hans store arbeidskapasitet, men også hans evne til å hente seg inn igjen etter strie arbeidsøkter.
Som vanleg når Sauda sogelag inviterer til møte i februar, blir det også sett av tid til å avvikle årsmøte med dei vanlege årsmøtesakene. Det nye i år er at både rekneskap og årsmelding er lagt ut på heimesida vår: sauda-sogelag.no Der kan alle som vil, gå inn og sjå korleis det står til med aktivitet og økonomi i laget.
Og også på møta i 2020 byr vi på sogelagsmat og allsong. Dei faste musikantane er allereie godt i gang med øvingane. Ver velkomne.
– Roar Lund
Dato: Tysdag 18. februar
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret