Referat frå sogelagsmøtet

Lokale forandringar 1950-1970 i ord og bilde i sogelaget

Tysdag var årets siste møte i Sauda sogelag, med lokalhistorikar Sigmund Birkeland bak mikrofonen, men før han kunne starta, måtte sjølvsagt dei 90 frammøtte i salen få vita hans slektskap eller link til Sauda. Besteforeldra var altså Emmy (f. 1907) og Hans Birkeland (f. 1906) som budde på den første garden på venstre sida innanfor Kastfosskrysset, og mora, Brit f. 1933, var eldst av søskena Gunvor, Ragnhild og Hans Arvid.

Sigmund Birkeland.

Med slekt og familie i salen fortalde Sigmund lett og muntert om førskuletida i Sauda før familien flytta til Egersund i 1960. Sterke røter resulterte likevel i mange høgtider og lange sommarferiar i Sauda, og me fekk glimt og skildringar av det enkle og slitsame livet på garden og på stølen/hytta i eit nostalgisk og romantisk lys, ofte med tre generasjonar saman. Mange av bilda var tatt av faren, Peder, som også var flink fotograf, og min gamle kollega på 101 år, Olav Andersen, meinte at faren nok hadde vore medlem i Sauda fotoklubb for 60-70 år sidan.

Tema for kvelden var endringar, og dette blei først vist med bilde frå utbygginga i Berdalen 1954-56 kor far til Sigmund hadde jobba som elektrikar. Utan altfor heftige protestar blei Slettedalsdammen ferdig i 1960, og her fekk me også flotte bilde av dalen før og etter.

Stølsvegar for hestetransport blei etter kvart utvida for både beltebilar og personbilar, og me fekk synlege bevis på at hesten måtte vika plass for traktoren, innkjøpt for 7000 kr. Med godvêr i slåtten kunne ein vera heldig og spara arbeid, men det var jo også ein eigen sjarm med hesjing og heile storfamilien i på bøen. Når høyet var i hus, ville bestefar ha slåttegraut, men det var ikkje så populært for dei yngste som heller kunne tenkja seg ein tur i Birkelandsheiane, for eksempel til Vikane.

Garden hadde også eit jordstykke ved Sagbogen, og fleire foto viste kombinasjonen av arbeid for dei vaksne og bading/leik for borna. Herlege bilde med kaffe, mat og duk på bakken i elvekanten! Foto frå jul og påske understreka kor viktig det var å samlast sjølv om det var trangt om plassen.

Når slåtten var over, kunne mormor komma med ønsket sitt, ein biltur. Det kunne enda heilt i Røldal, men dersom alle skulle bli med, måtte først onkel Tor (Valskår på Skipsekspedisjonen) få låna «kaibilen».

Bilde av Fjordsol var kjensleg for alle, men meir eksotisk var nok besteforeldra på sin einaste utanlandstur, til Italia, som vinnarar i EFP sitt jubilantlotteri. Som ferievikar hadde Sigmund også eigne minne frå fabrikken, for eksempel då han som prøvetakar på laboratoriet blei redda av «gamlekarane» då han forsov seg på nattskiftet. Han hugsar framleis høge lønningar og kor overraska han blei då basen, Kornelius Fløgstad, sa at han fekk bli sjølv om det var lite å gjera. Sigmund Birkeland fekk velfortent applaus for ein triveleg time lokalhistorie frå 50- og 60-talet.

Takk til Roar Lund for mangeårig innsats som redaktør av årsskriftet. Han går nå over i stilling som «bokhandlar» for sogelaget.

Etter sogelagsmat var det tid for avgåande skriftstyrar, Roar Lund, som orienterte om dei 20 artiklane i det rykande ferske årsskriftet. Som inhabil forfattar overlet eg derfor den omtalen til redaktøren av Ryfylke. Før «bokhandlar Lund» fekk åpna salsbodene, tok leiaren, Aslaug Astad, ordet og takka Roar for entusiastisk innsats i seks år. Det positive er at Kirsten Hellerdal Fosstveit har sagt ja til å bli ny skriftstyrar, og med seg i redaksjonen har ho Wenche Pleym, Tore Bastlien Dahl, Sigmund Andersen og Roar Lund.

– Kåre Rød, referent


Referatet stod på trykk i avisa Ryfylke 26.11.2021.