Tysdag er Fløgstad temaet når sogelaget inviterer til ope møte i Folkets Hus. Nei, det skal ikkje handle om forfattaren Kjartan denne gongen. No er det historia om Fløgstadgarden, med dei mange frådelte bruka det gjeld, og om folka som budde der. Det er ei historie som strekkjer seg mange hundreår tilbake og heilt inn i vår tid.

No er det Arnvid Lillehammer som best kan greie ut om den gamle historia til det han kallar «Den mangbølte garden Fløgstad», det som på 1500-talet var ein gard. Då den store frådelingsprosessen var over kring 1900, kunne ein telje kring 20 gardsbruk i bakkane ovafor Øyra. Derfrå strøymde det ut slekter med Fløgstad som etternamn.
Arnvid Lillehammer har sjølv spede røter på Fløgstad. Oldefaren dreiv eit lite småbruk der ein gong på slutten av attenhundretalet, og Arnvid vaks opp i Kalhagen, også det ein del av Fløgstad.

Åshild Marie Øverland har også familierøter på Fløgstad. Mor hennar, Torunn, vaks opp der på 1930- og 40-talet. Begge foreldra hennar var fødde Fløgstad, vakse opp på to nabogardar. Åshild Marie har «intervjua» henne om oppveksten, og ho seier ho vil freiste å dra dei lange linene frå familien sin bondebakgrunn.
Sogelagmøta er som vanleg opne for alle interesserte. Ver velkomne til eit sosialt lokalhistoriemøte med enkel servering og tid for ein triveleg pausedrøs.
– Roar Lund
- Dato: Tysdag 27. september
- Tidspunkt: kl 19:00
- Stad: Storesalen, Folkets Hus