Oxaal i sogelaget

Tysdag kjem John Teodor Oxaal til sogelaget i Eldresenteret for å fortelje om bestefaren hans, John Thomas Fearnley Oxaal. Han var fødd i 1887, utdanna geolog og tilsett som statsgeolog ved Norges Geologiske undersøkelse då han alt sommaren 1916 kom i kontakt med amerikanaren William Sneath. Sneath var komen til Norge for å byggje opp smelteverket i Sauda. Han fekk Oxaal med i leiinga same året. Og då manganproduksjonen var kome i gang, kunne John Oxaal alt i 1924 overta direktørstillinga ved EFP. Han heldt fram som direktør heilt han vart avsett av den tyske okkupasjonsmakta i 1941 og send til Sachsenhausen, der han døydde i september 1942.

John Teodor kjenner familiehistoria. Han har mellom anna tatt vare på og digitalisert breva bestefaren skreiv heim til kona Lilla Oxaal medan han var fange i Stavanger, på Grini og til sist i Sachsenhausen. Han vil fortelje møtelyden om familiemannen, faren og bestefaren som sette seg opp mot tyskarane og vart så hardt straffa for det.

Etter den sedvanlege pausen med kaffi, te og sogelagsmat, og for ikkje å gløyme det: ein god drøs, er det den nye skriftstyraren, Kirsten Hellerdal Fosstveit som får ordet. Ho vil presentere årsskriftet for 2022, den 42. årgangen. Og når ho er ferdig, opnar salet av årsskriftet.

Ver velkomne til Eldresenteret og det siste lokalhistoriemøtet i haust.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 22. november
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Eldresenteret, Høllandstunet