Lungebrann i sogelaget

Tysdag kjem forfattaren Mads Drange til sogelaget. I fjor haust kom boka hans om den såkalla «lungebrannen» som tok liv av mest 200 menneske i Sauda mellom 1923 og 1940. Lungebrann var det lokale namnet på lungebetennelsen som slo ned nærast som ein epidemi i kommunen då EFP fyrte opp smelteomnane på Klubben. Frå opne smelteomnar strøymde tjukk manganrøyk inn over Åbøbyen eller mot andre område i kommunen der vinden bar han. På landsbasis var det berre 3,65 prosent som døydde av lungebetennelse desse åra, medan han var årsak til 32 prosent av dødsfalla i Sauda. Så viste det seg også at når smelteomnane stod, gjekk dødstala ned, og når produksjonen kom gang att, auka  dødstala. Men bedriftsleiinga og bedrifta sine eigne legar avviste at det var røyken som drap.

Mads Drange har gått i djupna på denne lokale tragedia. Han veit kva grupper ho råka hardast, han kan fortelje om kampen om informasjon og sanning, og han kan også dokumentere kvifor og korleis lungesjukdomsbølgja etter kvart ebba ut. Så her kan ein vente seg dramatisk og spanande lokalhistorie.

Og som vanleg er på det første sogelagsmøtet i året, sett av tid til årsmøte. Dei siste åra har det ikkje tatt lang tid å avvikle det. Så det blir nok god tid til både kaffi, sogelagsmat, drøs og song tysdag på Eldresenteret.

Så må det også nemnast at ei bok av lokalhistorisk interesse diverre ikkje kom fram i tide til Adventbokhandelen vår. Det er «Minnebok. Oppvekst på Fløgstad i Sauda tidleg på 1900-talet». Det er Ingebjørg Rivedal som har redigert bestemora Ingeborg Bakka sine oppvekstminner og gir ho ut i bokform.  No er minneboka her og klar for sal på sogelagsmøtet. 

Alle med interesse for nær og dramatisk lokalhistorie i eit triveleg miljø er velkomne.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 14. februar
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Eldresenteret, Høllandstunet