«D’er haust. Det ruskar ute
med regn og kalde vind.
Smaafuglen flyg mot rute
og vilde gjerne inn.»
Så skriv Arne Garborg i diktet Veslemøy ved rokken (or Haugtussa). Som katten Mons i det same diktet ville du og, kjære lesar, helst krypa under ein god og varm omn. Gjer det! Men i staden for å berre drøyma, som katten, ta med deg årsskriftet og bli med gode skribentar inn i den lokale minneboka.
Som i dei 45 (!) tidlegare årgangane av årsskriftet, vil de også denne gongen finna ein innhaldsrik meny som femnar mykje folk og mange skjebnar over fleire tidsepokar og fagfelt. Å finna ein absolutt usliteleg raud tråd i stofftilfanget er kanskje vanskeleg, men butikkane, handelsliv og handelsfolk er emnet for fleire artiklar. Frå livet i «Brekkehuset» (Presanghuset!) via gullsmed Espeland til «Saudasnellå» vil vaksne saudafolk få råstoff til mimring og prat.
Lars Olav Fatland har ikkje lagt 250-årsjubileet for amerikautvandringa heilt bak seg ennå. Han skriv om dei som reiste frå Hylsstrondi og Vintraleå og drar interessante konklusjonar, mens Syvert Bruknapp held minnet om 2. verdskrigen levande gjennom «Brev til Olav Lien i 1945».
Inghart Lasse Lie skildrar oppvekstår i Sauda. Det gjer Eimund Ringhagen og, i teksten «Frå Kalhagen via Fløgstadåsen til Øyra». Arnvid Lillehammer har elles skrive om ein annan Kalhagen-buar, Hans Hylen. Han må ikkje gløymast i Sauda si kultursoge. Hylen var suldøl som blei saudabu. Det blei Finn E. Våga, og – i alle fall nesten. Han fortel om sine opplevingar som Stavanger Aftenblad sin korrespondent i det innerste Ryfylke.
Stasjon III er med gjennom Guro F. Håvik og Madeleine Haaland sin artikkel, streiken i 1970 er med gjennom Jangen sine refleksjonar og Zonta Sauda er med sjølv om dei berre har runda 25 år. Det sørgjer Wenche Pleym for. Kan ikkje dette vera nok? Treng du kanskje å læra å slå med dott? Per Magne Sælevik instruerer. Sjå elles i innhaldslista og bli inspirert! Forresten: Ingvald Svandal har servert litt infam styggaskap i salmeform …!
God lesnad! Sigmund Andersen og Roar Lund (skriftstyrar) Kilde: Leiar i Sauda sogelag årsskrift 2026 (s. 7).
Skriftstyret syntest dette var ein god idé som vi med stor glede har følgt opp. Sigmund Andersen tok på seg oppdraget. Saman med kona til Bjørn, Liv Kari Sollie, har dei lese og sortert i Bjørn sitt rike mangfald av dikt og songar. Vi takkar dei begge for at dei har opna denne lyriske skattekista for oss saudabuar.
I år er årsskriftet prega av dei lange historiene og av det ein må kunne kalle «barndomsminne». Marit Johnsen-Høines, Ivar Molla og Tor Geir Molla har minne frå oppvekst og hytteferiar eit stykke ut i Sauda-fjorden, på Molla. Eigersundaren Sigmund Birkeland, som budde i Sauda dei første leveåra, kom attende til Birkeland og familien der i alle skuleferiane. Det har han mange gode minne frå. Tore Næss Øye skriv ikkje så langt. På knappe tre sider fortel han om den store reisa ut i verda – heilt til Røldal drog tiåringen. Mykje var framandt for han der, det var ikkje alt dei sa han forstod. Ikkje rart at han då lurte på om dei snakka norsk i den avsides fjellbygda.
Vi har også gleda av å presentere Signy Christensen sine minne frå skulegangen på Risvoll skule frå 1939 til 1945. Elles ser vi at det er etterkrigstidas lokalhistorie som pregar årsskriftet. Sydamene i Sauda har fått si velfortente historie skriven av barn og barnebarn. Og både Gerd Astrid Djuv Melstveit og Tarald Aano skriv om fedrane sine, høvesvis hestehandlaren Ola Djuv og stortingsrepresentanten Jakob Aano. Ester Pettersen minnest oppveksten i Sauda-sjøen på 1950- og sekstitalet og Vigdis Lian hugsar enno kinokøen som strekte seg langt ut på fortauet, myndig overvaka av vakthavande lensmann. Det var i kinoens glansdagar, lenge før heimevideo og streama filmar privatiserte filmopplevingane.
Ikkje alle forfattarar og artiklar skal nemnast her. I eit tjukt og rikhaldig årsskrift som dette, vonar vi at alle lesarane våre vil finne noko av interesse. Og så takkar vi alle som har bidrege i den 44. utgåva av Årsskrift for Sauda sogelag.
God lesnad!