Varelageret var EFP sin eigedom frå det vart bygd som kolonialbutikk alt i 1919. Det heitte i konsesjonskrava at selskapet skulle skaffa «lokale for kooperativ eller anden handelsvirksomhet og lignenende». EFP dreiv forretninga til 1928, då ho blei overtatt og drive vidare av to av handelsbetjentane. Seinare vart namnet på forretninga endra til Grand Kolonial. Her var det både mjølkeutsal og eit kjøle- og fryselager. Butikken stengde dørene for godt i 1996.

Frå venstre: Olena Hølland, Johannes Rasmussen, Olaug Rasmussen og Bjarne Dybdal Holthe bak disken på kolonialen.
Bygget husa også EFP sitt brannvern fram til 1968. Andre etasje og loftet blei brukt til leilegheiter. Her var det også plass til Åbøbyens bibliotek, eigd av fabrikken, frå 1931 til 1969. Frå 1933 til 1936 heldt ein privat middelskule for funksjonærbarn til i bygget.

Åbødalsveien 30-32 husa både kolonialforretning, Åbøbyens bibliotek, leilegheiter og EFP sitt brannvern. Her er brannkorpset stilt opp til fotografering i 1950.
Bli kjend med Åbøbyen
Det er sett opp 15 skilt i Åbøbyen. Klikk på punkta under for å lesa meir:
- Åbøbyen
- Idrettsbanen
- Haakonsgate 51-53
- Wergelandsveien
- Gardshusa
- Varelageret
- Sauda Klubb
- Tennisbanen
- Arkitekturen
- Fløgstad skule
- Sjukehuset
- Hagebyen
- Strømhuset
- Sneaths park
- Byanlegget

Lær meir om Åbøbyen
Vil du bli betre kjend med denne flotte bydelen i Sauda? Sauda sogelag har gitt ut bok om Åbøbyen. Klikk på knappen under for meir info: