Referat frå sogelagsmøtet

Lokale forandringar 1950-1970 i ord og bilde i sogelaget

Tysdag var årets siste møte i Sauda sogelag, med lokalhistorikar Sigmund Birkeland bak mikrofonen, men før han kunne starta, måtte sjølvsagt dei 90 frammøtte i salen få vita hans slektskap eller link til Sauda. Besteforeldra var altså Emmy (f. 1907) og Hans Birkeland (f. 1906) som budde på den første garden på venstre sida innanfor Kastfosskrysset, og mora, Brit f. 1933, var eldst av søskena Gunvor, Ragnhild og Hans Arvid.

Sigmund Birkeland.

Med slekt og familie i salen fortalde Sigmund lett og muntert om førskuletida i Sauda før familien flytta til Egersund i 1960. Sterke røter resulterte likevel i mange høgtider og lange sommarferiar i Sauda, og me fekk glimt og skildringar av det enkle og slitsame livet på garden og på stølen/hytta i eit nostalgisk og romantisk lys, ofte med tre generasjonar saman. Mange av bilda var tatt av faren, Peder, som også var flink fotograf, og min gamle kollega på 101 år, Olav Andersen, meinte at faren nok hadde vore medlem i Sauda fotoklubb for 60-70 år sidan.

Tema for kvelden var endringar, og dette blei først vist med bilde frå utbygginga i Berdalen 1954-56 kor far til Sigmund hadde jobba som elektrikar. Utan altfor heftige protestar blei Slettedalsdammen ferdig i 1960, og her fekk me også flotte bilde av dalen før og etter.

Stølsvegar for hestetransport blei etter kvart utvida for både beltebilar og personbilar, og me fekk synlege bevis på at hesten måtte vika plass for traktoren, innkjøpt for 7000 kr. Med godvêr i slåtten kunne ein vera heldig og spara arbeid, men det var jo også ein eigen sjarm med hesjing og heile storfamilien i på bøen. Når høyet var i hus, ville bestefar ha slåttegraut, men det var ikkje så populært for dei yngste som heller kunne tenkja seg ein tur i Birkelandsheiane, for eksempel til Vikane.

Garden hadde også eit jordstykke ved Sagbogen, og fleire foto viste kombinasjonen av arbeid for dei vaksne og bading/leik for borna. Herlege bilde med kaffe, mat og duk på bakken i elvekanten! Foto frå jul og påske understreka kor viktig det var å samlast sjølv om det var trangt om plassen.

Når slåtten var over, kunne mormor komma med ønsket sitt, ein biltur. Det kunne enda heilt i Røldal, men dersom alle skulle bli med, måtte først onkel Tor (Valskår på Skipsekspedisjonen) få låna «kaibilen».

Bilde av Fjordsol var kjensleg for alle, men meir eksotisk var nok besteforeldra på sin einaste utanlandstur, til Italia, som vinnarar i EFP sitt jubilantlotteri. Som ferievikar hadde Sigmund også eigne minne frå fabrikken, for eksempel då han som prøvetakar på laboratoriet blei redda av «gamlekarane» då han forsov seg på nattskiftet. Han hugsar framleis høge lønningar og kor overraska han blei då basen, Kornelius Fløgstad, sa at han fekk bli sjølv om det var lite å gjera. Sigmund Birkeland fekk velfortent applaus for ein triveleg time lokalhistorie frå 50- og 60-talet.

Takk til Roar Lund for mangeårig innsats som redaktør av årsskriftet. Han går nå over i stilling som «bokhandlar» for sogelaget.

Etter sogelagsmat var det tid for avgåande skriftstyrar, Roar Lund, som orienterte om dei 20 artiklane i det rykande ferske årsskriftet. Som inhabil forfattar overlet eg derfor den omtalen til redaktøren av Ryfylke. Før «bokhandlar Lund» fekk åpna salsbodene, tok leiaren, Aslaug Astad, ordet og takka Roar for entusiastisk innsats i seks år. Det positive er at Kirsten Hellerdal Fosstveit har sagt ja til å bli ny skriftstyrar, og med seg i redaksjonen har ho Wenche Pleym, Tore Bastlien Dahl, Sigmund Andersen og Roar Lund.

– Kåre Rød, referent


Referatet stod på trykk i avisa Ryfylke 26.11.2021.

Saudabilete i sogelaget

Komande tysdag vitjar lokalhistorikaren Sigmund Birkeland Sauda sogelag. Birkeland kjem heilt frå Egersund. Med seg i kofferten har han ei unik biletsamling som vil vere av interesse for dei fleste her i Sauda. Sigmund Birkeland har nemleg digitalisert bilete som far hans, Peder Birkeland tok då han budde her, frå 1953 til 1961. Det året flytta familien til Egersund. Seinare var dei tilbake i Sauda i mest alle feriane. Og den ivrige amatørfotografen, fader Peder, hadde alltid med seg fotoapparatet. Dei fleste bileta vi får sjå er frå 1960- og 70-talet.

– Når eg sit og ser på desse bileta, ser eg den store utviklinga som bygda har vore gjennom. Eg har mange gode minne frå Sauda frå då eg var liten gut og fram til vaksen alder, seier Sigmund Birkeland nå.

Sigmund Birkeland har gitt ut fleire lokalhistoriske bøker i heimbyen, og han har halde mange lokalhistoriske foredrag. Så det er ein røynd foredragshaldar som kjem til Folkets Hus og sogelaget tysdag.

Etter den obligatoriske kaffipausen med noko å bite i, er det tid for å presentere Årsskrift for Sauda sogelag for 2021. Då vil skriftstyraren la møtelyden få eit liten smakebit av innhaldet i dei 21 artiklane i årboka.

Ver velkomne

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 23. november
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Storesalen, Folkets Hus

Bønder i sogelaget

Tysdag inviterer Sauda sogelag til ope møte om bondekulturen, slik han ein gong var. Då har vi invitert folk med lange og trygge familierøter i den næringa som ein gong var heilt dominerande i Sauda. Johannes Brekke, Gerd Astrid Melstveit, Bjarte Birkeland og Lars Olav Fatland har alle vakse opp på gardsbruk, oftast fl eire generasjonar saman. Dei kjenner årsrytmen og skiftande produksjonsmåtar, dei veit mykje om korleis mann og kone delte arbeidet på garden mellom seg, og dei hugsar korleis overtakinga av garden frå far til son gjekk føre. Også matstellet på gardane kring i bygda hadde sine rutinar og tradisjonar, det veit Gerd Astrid mykje om.

Vrål Øverland har lova å ta med seg gamle reiskapar frå garden han kjem frå på Øverland. Han vil fortelje korleis dei ein gong blei
brukt.

Vi har fått Lars Olav Fatland til å trekkje i dei historiske trådane denne kvelden. Som liten gut flytte han i 1953 saman med familien frå den moderne industribygda Sauda til Fatlandgarden i Vanvik, til eit småbruk utan straum og innlagt vatn. Hovudvegen inn og ut av bygda var fjorden. Dei var tre generasjonar saman på garden. Guten gjorde seg erfaringar som kjem godt med når han no skal leie samtalen frå scena i Storesalen på Folkets Hus.

Så er vi endeleg tilbake til normalen att, etter at pandemien har sete kjelkar i vegen for sogelagsmøta slik dei skal vere. Ver velkomne.


  • Dato: Tysdag 26. oktober
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Storesalen, Folkets Hus

Biletet over er tatt av fotografen Anders B. Wilse i 1934. Foto: Nasjonalbiblioteket.

Kløver i sogelaget

Tysdag kan Sauda sogelag servere lokal kaféhistorie til saudabuen. Då er Per Ellingsen invitert til storesalen i Folkets Hus. Etter meir enn seksti år i servicebransjen byr han på erindringane sine som kafé- og restaurantvert i bygda.

Unni og Per Ellingsen kom til Sauda i 1960. Det var bøndene her inne som trong ein til å drive Sauda Meieri sin nye kafé. Dei «fann» Ellingsen på Hotell Atlantic, der han var servitør på den tida. Han tok utfordringa på ganske strak kelnerarm og flytta til Sauda med den litle familien.

Det gjekk ikkje lang tid før Per såg at han kunne servere meir enn mjølk og kaffi i det gamle meieribygget. Der skulle det bli både restaurant og festsal. Han måtte slåst for å få skjenkeløyve. Rett over gata opna han ein populær bowlingbane. Det blei travle dagar for det unge paret. Og så, på sjølvaste nyttårsaftan i 1977 brann Kløver ned. Meir er det ikkje vår oppgåve å fortelje, det lar vi Ellingsen gjere.

Så blir det også sett av litt tid for endeleg å avvikle årsmøtet i Sauda sogelag. Koronaen har tvinga oss til å utsetje det frå tidleg vinter til seint i september. Valkomiteen har gjort ein god jobb, så det er liten grunn til å frykte dramatiske avstemmingar.

I pausen blir det som vanleg tid for ein liten matbit og kaffidrøs. Ver velkomne.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 21. september
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Storesalen, Folkets Hus