Avduking av skilt på Øyra

Onsdag 14. mai inviterer Sauda sogelag til avduking av to skilt på Øyra.

Frammøte ved «varden» utanfor Folkets Hus kl. 17.00. Etter avdukinga vert det eit lite
arrangement med underhaldning, kaffi, vafler og drøs i Folkets Hus.

Vel møtt!

Utvandrarar frå Sauda til USA før 1920

Reiste ein eller fleire av forfedrene dine til Amerika på slutten av 1800-talet/byrjinga av 1900-talet? Sogelaget har nå publisert ei liste over folk som utvandra frå Sauda før 1920.

Lista viser saudabuane som reiste til Amerika før 1920. Dei fleste av dagens saudabuar har slektningar som drog over Atlanteren, derfor er det fint om så mange som mogeleg kontrollerer at namna på slektningane deira er komne med på lista, og at dei opplysningane som står der, er rette.