Bokmelding: Nu solen går ned

Hugsa du å be kveldsbøna i går kveld før du la hovudet på puta? Kanskje har kveldsbøna di gått i den store gløymeboka, der det ligg så mykje anna gamalt frå før. Folkeminne er gjerne omtalt som noko som mest alle har gløymt, men som nokre få av oss gjerne står på for å hente fram igjen. Slik vil minna vere til glede også for nye generasjonar.

Då pandemien slo inn over landet hausten 2020, ramma han det meste av sosiale aktivitetar andlet til andlet. Men på nettet var det framleis mogleg å «møtast» og kommunisere. Den opninga nytta Guri L. Ravatn seg av. Og det har det blitt ei vakker lita bok av.

Guri, med jentenamnet Rolfsen, er fødd og oppvaksen i Sauda og bur no i Ølen. I boka, som kom ut tidlegare i år, skriv ho at ho kom til å tenke på si barndoms kveldsbøn, som mor og mormor hennar las for henne. Dette kombinert med at ho alltid har hatt interesse for folkeminne, gjorde at ho såg at det kunne vere verdfullt å få samla inn nett slike minne.

Så Ravatn gav seg i kast med å grave fram kveldsbøner og kveldssongar frå minna til folk på Haugalandet, i Sunnhordland og i Ryfylke.  Ho fekk inn om lag 50 ulike kveldsbøner og kveldssongar. Så har ho formidla det ho fekk inn vidare med føredrag, mellom anna på Betel i Sauda og i ein interessant artikkel i Årsskrift for Sauda sogelag i 2023, «Nu lukker seg mitt øye». Boka har ho kalla «Nu solen går ned» og er rikt og vakkert illustrert av Dorota Cieslar.

I boka har forfattaren gitt plass til kommentarar frå informantane. Det er tydeleg at dei langt fleste minnest at det var mor eller bestemor som sette seg ned på sengekanten hos den litle, såg til at han eller ho knepte hendene fint oppå dyna før dei takka Gud for dagen. Dei som har slike barndomsminne vil sikkert finne «si bøn» i boka. Eg fann mi, og endra litt på ho her, slik at ho passar til akkurat mitt minne, med mi mor eller bestemor på sengekanten ein gong tidleg på 1950-talet:

NU LUKKER JEG MITT ØYE
Nu lukker jeg mitt øye,
Gud Fader i det høye
I varetekt meg ta.
Frå synd og sorg og fare
Guds engel meg bevare,
som ledet har min fot i dag.

– Roar Lund

I Sauda vil boka vere til sals i adventsbokhandelen vår.

Bokmelding: Da fascismen trua fred og demokrati i Europa

Når Arbeidernes historielag i Rogaland gir ut bok, er vi sikra kvalitet, det veit vi av erfaring. Og vi blir ikkje skuffa denne gongen heller.

I år har boka fått tittelen «Krig og fascisme» med undertittel Arbeiderbevegelsen i Rogaland under krise og okkupasjon 1920-1950.

Redaktøren for boka, historikaren Jan Magne Arntsen, har fått med seg åtte andre bidragsytarar, der alle namna borgar for kvalitet for oss som er opptatt av lokalhistorie.

Redaktøren sjølv skriv om haldningskampen i Stavanger mot fascismen før, under og etter krigen. Han skildrar også den ideologiske og politiske striden mellom dei framtredande sosialdemokratiske  politikarane og kommunistane i byen. Det er ei spanande historie om personlege val, mistenkeleggjering og partibyte i etterkrigstida.

Eg vil også nemne artikkelen til Hallvard Tjelmeland. Faren hans, Halvor Tjelmeland levde dei første barneåra med foreldra og åtte søsken på eit småbruk på Finnøy til familieheimen måtte seljast på auksjon og familien flytta til Stavanger. Halvor knytte seg til det store og livskraftige kommunistmiljøet i Stavanger i 1939. Han var skuleflink og fekk seg lærarutdanning. På lærarskulen blei han kjærast med trønderjenta Marit Nesset.

Artikkelen er eit bidrag til diskusjonen om NKP si rolle under krigen, særleg korleis partiet stilte seg i tida mellom inngåinga av ikkje-åtaksavtalen mellom Sovjetunionen og Tyskland 23. august 1939 til det tyske åtaket på Sovjetunionen 22. juni 1941, og korleis analysen av krigsutviklinga etter det var. Dette er eit omdiskutert og kontroversielt tema.

Det som gjer Hallvard Tjelmeland sin artikkel så spesiell, og til tider rørande, er at den byggjer på brevvekslinga mellom foreldra då dei budde langt frå kvarandre i krigsåra. Breva er tatt vare på og er det vi gjerne kallar for ei primærkjelde.

Det høyrer også med til historia at Halvor blei med i den såkalla Tjemslandgruppa som blei rulla opp av Gestapo i 1943. Av dei130 som vart arrestert, blei 13 tiltalt og stilt for SS- und Polizeigericht Nord i mars 1944. Ni blei dømd til døden og avretta på Trandum. Dei fire øvrige, blant dei Halvor Tjelmeland, vart dømt til tukthusstraff og havna i konsentrasjonsleir i Tyskland.

Det meste av innhaldet i boka omhandlar sosialistmiljøa i Stavanger og Haugesund. Men i Gunnar Roalkvam sin artikkel «Idrett og klassekamp» er det blitt plass til nokre linjer om Sauda. Temaet i artikkelen er striden mellom dei borgarlege idrettsforeiningane og arbeidaridrettsforeiningane. I Sauda blei det riktig dramatisk i 1933 då Sauda arbeideridrettslag (SAIL) ville ha tilgang til idrettsbanen i bygda og både Sauda idrettslag og leiinga ved EFP sa nei til det. Då blei det både rabalder og slåsskamp på banen. Kjelde her er Torgeir Vetti sin artikkel i Årsskrift for Sauda sogelag i 1988.

Det er også tankevekkande å lese juristen Per Quale sin kritiske artikkel om rettsoppgjeret etter krigen, der han i overskrifta spør om det var «Likhet for loven i landssvikoppgjøret».

Ikkje noko å pirke på i årets bok? Jo, et par ting vil eg nemne. Korrekturlesarane har vore for unøyaktige i nokre av artiklane, det er det eine. Det andre er at det ville gjort seg med ein innleiande og avklarande artikkel om kva fascisme og nazisme eigentleg er. Riktig nok  kjenner dei fleste av oss lusa på gangen, når vi ser ho, det er det viktigaste. Men vi ser også altfor ofte at omgrepa bli brukte som skjellsord, også på parti og styresett vi ikkje likar, men som neppe fortener det. Her er Putin sin retorikk mot Volodymyr Zelenskyj og leiinga i Kyiv eit aktuelt og levande eksempel.

Så skal det også nemnast at det er Jan Ole Rød som er styreleiar i Arbeidernes historielag i Rogaland. Han har også vore med  i redaksjonen for boka.

– Roar Lund

I Sauda vil boka vere til sals i adventsbokhandelen vår.

Nytt årsskrift i sal nå!

Årsskriftet kan også kjøpast i adventsbokhandelen vår. Me held ope i lokala til Alfred (Skulegata 6) fredagar og laurdagar kl 1200-1400 frå 22. november til 21. desember.

Også i år opnar Sauda sogelag ein adventbutikk i Alfred-lokala i Skulegata. Roar Lund og resten av styret i sogelaget skal drifta butikken dei fem siste helgene fram mot jul. FOTO: Ingvil Bakka, avisa Ryfylke.

Adventsbokhandel 2024

Velkomen til adventsbokhandelen vår!

  • Adresse: Skulegata 6 (Alfred)
  • Open fredagar og laurdagar kl 1100-1400 frå 22. november til 21. desember
  • Sal av årsskrift frå sogelaga i Sauda, Suldal og Vindafjord.
  • Årboka til Rogaland historielag.
  • Godt utval av andre bøker av interesse for saudabuen.
  • Meir informasjon kjem.

Saudasoga i ord og tonar i sogelaget

Tysdag 19. november byr Sauda sogelag på ein skikkeleg lokal musikalsk historietime. Frå scena i Storesalen på Folkets Hus presenterer Sigmund Andersen og Oskar Waage-Pettersen «Saudasoga i ord og tonar». Dei har fått med seg litt av eit lokalt musikalsk stjernelag i Lillian og Sindre Nordengen, Lena Haugland, Ben Basgård og Oddwar Wiersen.

Vi prøver å trekke fram i ord og tonar frå milepelar i saudahistoria som lokale forfattarar har skrive om, og som lokale komponistar har sett tonar til, fortel Sigmund Andersen.

Sigmund og Oskar har hatt eit rikt tilfang av dikt, songtekstar og melodiar å velje mellom når dei har sett saman programmet for kvelden. Sjølv er Sigmund på fornamn med alle og nemner i slengen både Kjartan, Bjørn og Arthur blant diktarane og Oskar, Odd Bjarne og Eli Jorunn mellom dei som har skrive melodiane. Og er nokon utegløymt i førehandsomtalen, så skal ikkje Sigmund ha skulda for det.

Dette blir siste sogelagsmøte i haust, og da er det også eit høve til å presentere årsskriftet for 2024. Det tar skriftstyraren seg av. Når det heile er over, kan dei som ønsker det, få kjøpt den rykande ferske utgåva av årsskriftet vårt.

Denne gongen er det berre førehandssal av billettar på biblioteket og på saudakultur.no

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 19. november
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Folkets Hus
  • Presentasjon og sal av Årsskrift for Sauda sogelag 2024.
  • Sal av billettar til 200 kr på biblioteket og på Saudakultur.no
  • Nærare informasjon om møtet i Ryfylke 14. november.