Les saka her: https://ryfylke.net/2022/11/24/fredag-opnar-adventbutikken-til-sogelaget/
Adventsbokhandelen i Ryfylke
Då er årsskriftet for 2022 ferdig trykka og klart for sal!
Boka kan bestillast her eller kjøpast i adventsbokhandelen vår.

I august i år hadde avisene overskrifter om streik ved smelteverket i Sauda – same året som me kan markera at det er seksti år sidan streiken i 1962. Streiken i år tok slutt etter ti dagar, medan konflikten varte heile tre månadar i 1962. To tekstar, ein av Ernst Drange og ein av Bjørn Bjørnsen, tek føre seg den langvarige streiken og korleis han påverka saudasamfunnet.
Me har meir å by på frå sekstitalet: Svein Helgesen og Vigdis Lian fortel om erfaringane sine frå skulegangen i Sauda. Den tidlegare ungdomsskulelæraren Roar Lund skriv om ungdomsskulen som kom i Sauda i 1964.
Idrett er også tema i to artiklar om tur og konkurranse løp. Kåre Rød fokuserer på ulike former for langløp, medan Wenche Pleym skriv om Grete Waitzløpet – populært kalla «verdas største jentefest». Pleym skriv også om bridge, ein annan fritidsaktivitet der mange kvinner var aktive.
Ingeborg Bakka og Liv Øygard mimrar frå ungdoms åra sine – Ingeborg om oppveksten på Fløgstad tidleg i førre hundreåret, medan Liv fortel frå kvardagen som tilsett i butikken til Vetti på Øyra.
Aslaug Tøresdal deler også eit barndomsminne – frå 1915. Ho skildrar eit møte med «den nye tida» og industrialiseringa av Sauda. Det gjer også journalisten som avisa Stavangeren sende inn fjorden i 1916. I to artiklar kan ein lesa om den nye industribyen som reiser seg inst i Ryfylke. Den kjende fotografen Anders Beer Wilse kom også til Sauda på denne tida og fleire gonger seinare. Han dokumenterte vegbygging og industrireising, men også den flotte naturen i Sauda.
Olav Veka kjem med sine to tekstar med eit anna perspektiv på naturen. Han reflekterer rundt «besynder lege» stadnamn. Kva tyder «Skaulen» – og skal ein skriva det slik, eller er «Skaudl» meir rett?
Me har også med to tekstar om Jakob Martinus Remseth. Han var ordførar i Sauda før og etter krigen og dessutan stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.
Krigen er elles tema i to interessante artiklar. Ivar Leveraas skriv om sjukehjelpskassa til arbeidarane ved Nordaganlegget i Saudasjøen. I tillegg har me fått trykt utdrag av breva direktør ved smelteverket, John Thomas Fearnley Oxaal, sende heim frå tysk fangenskap. Oxaal døydde av svolt og mishandling i Sachsenhausen sommaren 1942, for åtti år sidan.
– Skriftstyret 2022 –
Sogelaget opnar adventsbokhandel i Rådhusgata 25.
Opningstider:

| 1 | Årsskrift Sauda sogelag 2022 | 300 kr (Medl. 250 kr) |
| 2 | Gamalt frå Suldal | 250 kr |
| 3 | Torunn Djuvik: «Jordmødrer» | 300 kr |
| 4 | Årbok Rogaland historielag | 395 kr (Medl. 345) |
| 5 | Høibo/Bjelland: «Til støls» | 495 kr |
| 6 | Mads Drange: «Lungebrannen» | 300 kr |
| 7 | Årbok Ryfylkemuseet 2022: «Ryfylkerøyster» | 175 kr |
| 8 | Kjartan Fløgstad: «Habeus Corpus» | 375 kr |
| 9 | Børge Lund: «Endringsglede» | 399 kr |
| 10 | Børge Lund: «Business in Norway” | 299 kr |
| 11 | Årbok Arbeidernes historielag «Gruvedrift i Rogaland» | |
| 12 | Ingebjørg Rivedal: Minnebok Ingeborg Bakka | 270 kr |
| 13 | Termometer Sauda sogelag | 400 kr |
| 14 | Lunch bordkalender | 349 kr |
| 15 | Lunch veggkalender | 269 kr |
| 16 | Lunch julehefte | 75 kr |
| 17 | Åbøbyen – hagebyen under røyken | 200 kr |
| 18 | Syvert Bruknapp: Sauda pensjonistforening 50 år | 250 kr |
| 19 | L.O. Fatland: Samuel Tveit, kunstmaleren …. | 250 kr |
| 20 | L.O. Fatland: «Krefter blir kraft» | 200 kr |
| 21 | Geir K. Hus: E 134 Haukelivegen | 449 kr |
| 22 | Vindetreet | 250 kr |
| 23 | Strekaren | 250 kr |
Bøkene kan bestillast via bestillingsskjema, eller ved å senda epost til sauda.sogelag@gmail.com
Tysdag kjem John Teodor Oxaal til sogelaget i Eldresenteret for å fortelje om bestefaren hans, John Thomas Fearnley Oxaal. Han var fødd i 1887, utdanna geolog og tilsett som statsgeolog ved Norges Geologiske undersøkelse då han alt sommaren 1916 kom i kontakt med amerikanaren William Sneath. Sneath var komen til Norge for å byggje opp smelteverket i Sauda. Han fekk Oxaal med i leiinga same året. Og då manganproduksjonen var kome i gang, kunne John Oxaal alt i 1924 overta direktørstillinga ved EFP. Han heldt fram som direktør heilt han vart avsett av den tyske okkupasjonsmakta i 1941 og send til Sachsenhausen, der han døydde i september 1942.
John Teodor kjenner familiehistoria. Han har mellom anna tatt vare på og digitalisert breva bestefaren skreiv heim til kona Lilla Oxaal medan han var fange i Stavanger, på Grini og til sist i Sachsenhausen. Han vil fortelje møtelyden om familiemannen, faren og bestefaren som sette seg opp mot tyskarane og vart så hardt straffa for det.
Etter den sedvanlege pausen med kaffi, te og sogelagsmat, og for ikkje å gløyme det: ein god drøs, er det den nye skriftstyraren, Kirsten Hellerdal Fosstveit som får ordet. Ho vil presentere årsskriftet for 2022, den 42. årgangen. Og når ho er ferdig, opnar salet av årsskriftet.
Ver velkomne til Eldresenteret og det siste lokalhistoriemøtet i haust.
– Roar Lund
Skriftstyret skal planleggja nye årsskrift og ønskjer nå å høyra frå lesarane.
Kva er det som fengjer? Er det noko ein skulle hatt meir/mindre av? Har du tips om eit tema som burde vore med, og kanskje også kven som kunne skriva ein artikkel? Er det for mange eller for få bilete? Har du andre innspel til årsskrifta?
Kjekt om du vil bruka nokre minutt på å fylla ut skjema under. Du treng ikkje oppgje namn (undersøkinga er anonymisert).