Brødrene Selvik i sogelaget

Tysdag 24. april kjem Nikolai Selvik i sogelaget for å fortelje om bedrifta han og broren Olav starta i 1967. Det heile  begynte med at saudabuen Njell Lofthus vart kalla til misjonær i Afrika. Den gravemaskinen han eigde, kunne han nett ikkje ta med seg på misjonsmarkene. Han måtte selje Brøyten sin før han fór av garde. Nikolai og Olav fekk ein moglegheit dei ikkje sa nei til. Brørne sleit nok ikkje lenge med å finne namn på føretaket – det måtte bli Brødrene Selvik.

Og resten er historie, heiter det gjerne. Og det er den historia Nikolai Selvik vil fortelje: Om dristig satsing, hardt arbeid, opp- og nedturar og stadig slit for å halde hovudet over vatnet dei ti første åra, seinare for å sikre ein stadig større arbeidsstokk sikkert arbeid året gjennom.

Nikolai Selvik kan bedriftshistoria si. Han var sjølv dagleg leiar i 25 år. No gler han seg over at bedrifta han var med å starte for femtiein år sidan har 43 tilsette – fem av dei er barn og barnebarn til Brødrene Selvik. Det gror i grøftene etter den første Brøyten.

Så det kan vere mykje å synge for på sogelagsmøtet på tysdag. Med litt sogelagsmat attåt. Ver velkomne.

Roar Lund

Kulturvern i sogelaget

Tysdag vitjar Roy Høibo Sauda sogelag. Det er han som har skrive framlegget til kulturminneplan for Sauda, «Kraftkultur og kulturkraft». På oppdrag frå kommunen har han levert eit fagleg innspel til kommunestyret, som seinare skal behandle og vedta den nye kommuneplanen.

Roy vil fortelje kvifor han meiner det er viktig å ta vare på kulturminne. Sauda er kulturhistorisk ein særs interessant kommune, på mange måtar unik, seier han, og legg til at kultur og kulturminne legg verdiar til staden. Difor er forvaltning av kulturminna i Sauda så viktig.

Så vil Roy fortelje korleis han har jobba med planen, og kva han synest det er viktigast å verne for oss som bur i kommunen, og, ikkje minst, dei som kjem etter oss. Han er naturlegvis open for både spørsmål og kommentarar.

Og tru om ikkje sogelagsmaten snart er eit kulturminne vel verd å verne, saman med den obligatoriske allsongen? Ver velkomne til eit viktig kulturminnemøte i sogelaget.

Roar  Lund


På eldresenteret (Høllandstunet), tysdag 20. mars kl 19:00.

Sogelagsmøte 21. november

Tysdag 21. november kl 1900 på Eldresenteret inviterer me til nytt sogelagsmøte.

Program for kvelden:

  • Lars Olav Fatland: Ola Fagerheim. Trekunstnaren frå Sauda
  • Roar Lund: Kunstmålaren Samuel Tveit på Helgeland
  • Skriftstyraren presenterer Årsskrift for Sauda sogelag 2017

Sal av årsskriftet. Pris: 250 kr. Kontant betaling eller Vipps.

Sogelagsmat. Entre 100 kr

«Hestamøte» på Sauda vidaregåande skule 25. april 2017

Saudahesten i sogelaget

Tysdag rettar Sauda sogelag det lokalhistoriske lyset mot arbeidshesten i lokalsamfunnet vårt. Sogelaget inviterer til «hestamøte» i kantina på Sauda vidaregåande skule. Sjølv om ingen hestar slepp inn, kjem fleire av dei som har arbeidd saman med hestar i skog og mark, i arbeid og fritid i ei tid før alt det støyande, motordrivne pressa den trufaste firbeinte arbeidskameraten til sides.

Arbeidslivet ropar ikkje lenger etter levande  hestekrefter, men heldigvis finst her framleis folk som hegnar om hestetradisjonen i Sauda. Ei ny tid har gitt både «hestafolket» og hestane nye oppgåver. Dei har mangt å fortelje, vil det heilt sikkert vise seg. Og så har dei lova å vise fram både bilete og hesteutstyr.

Lars Olav Fatland har lova å halde i taumane denne kvelden. Han har sjølv erfaring med hest og veit godt når både hest og møtelyd treng kvile og sogelagsmat. Og nei, det blir ikkje servert havre, men rekn med at «Fola, fola Blakken» står på den eine sida av songarket.

Ver velkomne

Roar Lund