Tysdag 24. april kjem Nikolai Selvik i sogelaget for å fortelje om bedrifta han og broren Olav starta i 1967. Det heile begynte med at saudabuen Njell Lofthus vart kalla til misjonær i Afrika. Den gravemaskinen han eigde, kunne han nett ikkje ta med seg på misjonsmarkene. Han måtte selje Brøyten sin før han fór av garde. Nikolai og Olav fekk ein moglegheit dei ikkje sa nei til. Brørne sleit nok ikkje lenge med å finne namn på føretaket – det måtte bli Brødrene Selvik.
Og resten er historie, heiter det gjerne. Og det er den historia Nikolai Selvik vil fortelje: Om dristig satsing, hardt arbeid, opp- og nedturar og stadig slit for å halde hovudet over vatnet dei ti første åra, seinare for å sikre ein stadig større arbeidsstokk sikkert arbeid året gjennom.
Nikolai Selvik kan bedriftshistoria si. Han var sjølv dagleg leiar i 25 år. No gler han seg over at bedrifta han var med å starte for femtiein år sidan har 43 tilsette – fem av dei er barn og barnebarn til Brødrene Selvik. Det gror i grøftene etter den første Brøyten.
Så det kan vere mykje å synge for på sogelagsmøtet på tysdag. Med litt sogelagsmat attåt. Ver velkomne.
Roar Lund