Kulturminnedagen 2015 blei i sogelaget markert med møte på Eldresenteret. Temaet i år var «Nabolag». Invitert gjest, Paul Bang, kunne fortelje om sitt naboskap i Parkveien 101/103 til 113 frammøtte. Sogelagsduoen kunne ikkje møta denne gong, men Liv Kari hadde ordna musikk – Kari Bremnes «Folk i husan». Matkomiteen hadde pynta borda og smørt mat i god sogelagstil.
sogelagsmøte
Fabrikken 100 år
GRATULERA MED 100 ÅR!
Ein flott kveld er over, men for bygda er dette berre starten på jubiléet til fabrikken.
179 frammøtte fekk høyra Arnvid Lillehammer og Kåre Bjarte Bjelland fortelje om fabrikken sin 100-årige historie og framtida for smelteverket. Sigmund Andersen las prologen skreven av Åsmund Oftedal til eit tidlegare jubileum.
Camilla Moe og Eli Jorunn Tangeraas song og spelte til allsong, og Brynes Konditori avd Eramet hadde laga til gode speketallerkenar.
Den flotte pyntinga av scenen og borda var det sogelaget sin matkomité som hadde ordna.