Om utvandringa frå Sauda til Amerika i sogelaget

I år er det 200 år sidan sluppen Restauration la ut frå kaien i Stavanger med 52 rogalendingar om bord. Dei var dei første som  utvandra frå Norge til Amerika. Det er eit jubileum det er vel verd å markere. Så vidt vi veit, skulle det gå 25 år før dei første frå Sauda drog vestover. Frå 1850 og fram mot 1920 forlét over tusen saudabuar gardane kring i kommunen med von om ei betre framtid i Amerika. 

Tone Årtun har i mange år interessert seg for Sauda si utvandrarhistorie. Ho har kome fram til namna på dei som drog vestover fram til 1920. Ho veit kva gardar og familiar dei kom frå i heimbygda, når dei var fødd og jamvel når dei døydde. Nokre kom tilbake til heimbygda, helst etter at kraftutbygginga starta kring 1910. Dei veit ho og kven er.

Tone vil gje oss ei innføring i vår lokale utvandrarhistorie med mange interessante opplysningar. Så kan vi by på fleire andre innslag. Eit om amerikabrev, eit om nær familie i USA og eit om amerikanarar som kjem til Sauda for å finne ut av kor forfedrane deira ein gong kom frå.  

Naturlegvis blir det også tid til god drøs, sogelagsmat  og amerikanskinspirert allsong. Denne gongen blir det berre billettsal på biblioteket eller på saudakultur.no på nettet.

Ver velkomne alle som vil vite meir om utvandringa frå Sauda til Amerika mellom 1850 og 1920.

Roar Lund


  • Tysdag 8. april kl 1900
  • Stad: Storesal på Folkets Hus
  • Sogelagsmat.
  • Entre 150 kr. Førehandssal av billettar berre på saudakultur.no og på biblioteket.

Om John W. Norheim i sogelaget

Like før krigen kom haugesundaren John W. Norheim til Sauda. Saman med kone og to små jenter kom han køyrande på Dollarvegen i T-Forden sin med handelsbrevet i lomma. Her slo den litle familien seg ned, og her skulle Norheim-namnet feste seg hos saudabuen. Først opna forretningsgründeren Norheim butikk i eit lite innsmett i Seim-huset i Rådhusgata, så flytta han nokre år seinare over til Skulegata og Fløgstad-huset der, før han i 1970 etablerte seg i Rydningenhuset.

I «standardverket» om «Tre gater på Øyra» av Torgeir Vetti og Lars Viland  (Årsskrift for Sauda sogelag 1999) heiter det at J. W. Norheim ominnreier heile første etasje i den nye butikken. Dei små lokala vert borte, og i staden vert heile denne høgda eit samanhengande stort lokale. Dermed var det slutt på det omflakkande tilværet innanfor «Øyratriangelet» for Norheim og familiens manufakturutsal.

Så skal vi ikkje røpe meir her om John W. Norheim. For dei som kjem til sogelagsmøtet på Eldresenteret tysdag skal få høyre resten av historia. Den skal Terje Haraldsen fortelje. Han var onkelungen til Norheim og vaks opp i heimen til Norheim og kona saman med dei to døtrene deira. Og hos Norheims manufaktur hadde Terje dei første småjobbane sine.

Så blir det som vanleg på sogelagsmøta tid for venleg drøs både før møtet og i pausen. Og naturlegvis blir det allsong denne gongen også. Alle er hjarteleg velkomne..

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 18. mars 2025
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Eldresenteret

Tårland i sogelaget

Tysdag 25. februar inviterer Sauda sogelag til årets første sogelagsmøte, denne gongen i Eldresenteret. To tema står på plakaten. Sigfred Tårland vil fortelje om bestefaren Sverre Tårland, og så blir årsmøtet i sogelaget avvikla.

Sverre Tårland var fødd i Stavanger då eit nytt hundreår såg dagsens lys, og meir lys og røyk fekk han sikkert sjå då han kom til Sauda og EFP i 1923. Det var det året varmen vart sett på i smelteomnane på Klubben. Han fekk jobb på smelteverket, stifta familie og blei buande i bygda til han døydde i 1987.  Vi skal ikkje nemne så mykje om Sverre Tårland her, berre ta med at han også jobba som agent her inne i mange år. Var han «hemmeleg agent» då? Om det og mykje anna om bestefaren vil barnebarnet Sigfred røpe tysdag.

Og når Sigfred er vel ferdig med sitt, blir det tid til informasjon om den planlagde medlemsturen 3. til 4. juni til Vestnorsk utvandrarsenter på Radøy. Påmeldingsfristen er kort. Alt 1. mars må vi vete kven som blir med på ferda. Det er meir informasjon å finne på heimesida vår, sauda-sogelag.no

Som vanleg på sogelagsmøta, blir det også denne gongen allsong og sogelagsmat. Og deretter er det tid for årsmøte for medlemmane. Då får vi ei oppsummering av sogelagsåret vi nett har lagt bak oss.  Og så blir planane for  møte og aktivitetar i 2025 presentert.

Årsmøta i sogelaget er til vanleg greitt avvikla. Valkomiteen har gjort jobben, og dei har fått ja frå alle dei har spurd.

Ver velkomne til sogelagsmøte i Eldresenteret.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 25. februar 2025
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Eldresenteret

Biletet i innlegget er laga av KI.

Saudasoga i ord og tonar i sogelaget

Tysdag 19. november byr Sauda sogelag på ein skikkeleg lokal musikalsk historietime. Frå scena i Storesalen på Folkets Hus presenterer Sigmund Andersen og Oskar Waage-Pettersen «Saudasoga i ord og tonar». Dei har fått med seg litt av eit lokalt musikalsk stjernelag i Lillian og Sindre Nordengen, Lena Haugland, Ben Basgård og Oddwar Wiersen.

Vi prøver å trekke fram i ord og tonar frå milepelar i saudahistoria som lokale forfattarar har skrive om, og som lokale komponistar har sett tonar til, fortel Sigmund Andersen.

Sigmund og Oskar har hatt eit rikt tilfang av dikt, songtekstar og melodiar å velje mellom når dei har sett saman programmet for kvelden. Sjølv er Sigmund på fornamn med alle og nemner i slengen både Kjartan, Bjørn og Arthur blant diktarane og Oskar, Odd Bjarne og Eli Jorunn mellom dei som har skrive melodiane. Og er nokon utegløymt i førehandsomtalen, så skal ikkje Sigmund ha skulda for det.

Dette blir siste sogelagsmøte i haust, og da er det også eit høve til å presentere årsskriftet for 2024. Det tar skriftstyraren seg av. Når det heile er over, kan dei som ønsker det, få kjøpt den rykande ferske utgåva av årsskriftet vårt.

Denne gongen er det berre førehandssal av billettar på biblioteket og på saudakultur.no

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 19. november
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Folkets Hus
  • Presentasjon og sal av Årsskrift for Sauda sogelag 2024.
  • Sal av billettar til 200 kr på biblioteket og på Saudakultur.no
  • Nærare informasjon om møtet i Ryfylke 14. november.