«Mellom kjøpmannskap og akademia, det er her eg hørre te» ved Marit Johnsen-Høines
Tysdag er det igjen sogelagsmøte. Som vanleg i oktobermøta våre handlar det om utflytta saudabuar, og vi spør «Kor vart dei av»? Denne gongen skal vi få svar på kor det vart av Marit Johnsen-Høines som flytta heimanfrå i 1965. Vi inviterer til møte med Marit i Eldresenteret denne gongen.
Marit har kalla foredraget sitt «Mellom kjøpmannsskap og akademia, det er her eg hørre te». Då er alt mykje sagt. Faren var manufakturhandlaren i Rådhusgata, Erik B. Johnsen. Besteforeldra hennar, Ordin og Margit Skorpe, dreiv kjøt- og kolonialbutikken som no er Kiwi. «Kjøpmannskapet» på Øyra var ein del av barndommen hennar.
Marit blei verande i bygda til ho var ferdig med gymnaset, så strauk ho til Bergen for å ta lærarutdanning. Det var derifrå det tulla på seg, og jammen førte ikkje utdanning, interesse og pågangsmot Marit vidare til ei akademisk karriere.
Vi skal ikkje gå i detaljar i ein førehandsomtale, detaljane overlèt vi til Marit å kome med. Det vi er sikre på er at på Eldresenteret blir det eit sogelagsmøte som så mange gongar tidlegare, med god drøs, allsong og sogelagsmat i pausen. Og så bør det for sikkerheits skuld nemnast at det ikkje er førehandssal av billettar denne gongen.
– Roar Lund
- Dato: Tysdag 15. oktober
- Tidspunkt: kl 19:00
- Stad: Eldresenteret
- Sogelagsmat. Entre 150 kr, medlemmar 100 kr. Billettsal ved inngangen.


