Hustveit i sogelaget

Tysdag inviterer Sauda sogelag medlemmane i laget til det årlege vårmøtet. Ferda går denne gongen til Hustveit og til Jonegarden, der historia bokstaveleg talt, sit i veggane. Då den siste brukaren, 93 år gamle Jone, flytta ut i 1983, hadde garden vore i same slekta sidan 1604. Jone var ein av ni sysken – ingen av dei hadde arvingar. Det blei sagt om Jone at han levde og dreiv garden slik dei gjorde på 1800-talet. Så då staten, ved Fylkesmannen i Rogaland, kjøpte garden i 1987 og overlét han til Ryfylkemuseet, kunne museet byggje vidare på arven frå Jone-slekta. Og det har museumsfolka verkeleg gjort. Dei som kjem til Hustveit tysdag, får vitje våningshuset, dei får omvising i løa – som også vil vere ei naudhamn for møtelyden om veret slår seg vrangt. Og dei som vil, kan ta den korte spaserturen bort til Kvednafossen.

Det er Ole Johan Ilstad frå nabogarden rett over kommunegrensa som skal fortelje om livet på Jonegarden, om gardshistoria og sikkert også om kulturlandskapet kring gardshusa. Innmarka er frodig, allsidig og fin i desse varme og fine førsommardagane. Også den må vere av historisk interesse – enga har aldri kjend smaken av kunstgjødsel.

Dei som ikkje vil køyre heilt fram til Hustveit, kan gå den gamle stien frå ein annan nabogard, Honganvik og til Hustveit. Dei som vel å gå, må møte klokka 1530 ved Honganvik og ta turen oppover bakkane saman med dei to lokalkjende, Olafr Jakobsson og Ove Løland.

Ta med stol, kaffitermos og noko godt å bite i, sjølv om vi også byr på både ei kulinarisk overrasking og kulturinnslag.

Ver velkomne til medlemsmøte på Hustveit.

Praktisk info

  • Frammøte ved parkeringsplassen på Hustveit. Viss dårleg ver, blir møtet i løa. Køyr gjerne fleire i same bil. Dei som treng skyss, kan kontakte Aslaug Astad, telefon 948 22 022.
  • Dei som vil gå stien frå Honganvik til Hustveit, kan møte ved Honganvik kl 1530. Turleiar Olafr Jakobsson.
  • Ta med stol, mat og drikke. Musikk og kulinarisk overrasking.
  • Møtet er berre for medlemmer. Vel møtt.
  • Gratis entre.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 28. mai
  • Tidspunkt: kl 17:00. Frammøte ved parkeringsplassen på Hustveit.
  • Stad: Hustveit

Morten og Presanghuset i sogelaget

Tysdag i neste veke inviterer Sauda sogelag igjen til ope møte i Eldresenteret. Vi har invitert Morten Brekke til å fortelje om Brugata 7, bygget som no husar Presanghuset. Hushistoria går heilt tilbake til 1917, då optimismen og framtidstrua var stor i bygda. Amerikanarane var i full sving med å byggje fabrikken på Klubben, og dei reiste dei første husa nedst i det som skulle bli Åbøbyen.

Også på Øyra vart det bygd nye hus på denne tida. Eit av dei var Brugata 7. Ei stund var det Bøndenes hus, seinare heldt Handelslaget til her, og sanneleg var det ikkje både fiskeforretning og frisør i sentrumsbygget. Det kom vanskelege og harde tider i landet både på 1920- og 30-talet, så fleire gonger blei huseigarene slått konkurs. Men det var før Brekke-familien kjøpte huset.

Morten Brekke er tredje generasjon i familien som eig huset. Det var faren Kjell som etablerte Presanghuset, no har Morten drive forretninga i over førti år.

Meir om huset, om dei som har budd her og som har drive forretning her vil Morten fortelje om tysdag. Og i tillegg byr vi både på allsong og den smått legendariske sogelagsmaten. Litt venleg drøs blir også tid til.

Ver velkomne til sogelagsmøte, denne gongen i Eldresenteret.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 16. april
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Eldresenteret

Meir urmakar Jensen-film i sogelaget

Tysdag 19. mars viser Sauda sogelag igjen film i Folkets Hus. Denne gongen er det eit ekstra tilbod til dei mange som det ikkje var plass til i den kulturelle storstova vår for fire veker sidan. Då var det premiere for «filmsnuttar» som urmakar Jensen tok opp  i Sauda på 1960-talet, og som Inge Mikal Nødland har fått vaska, reinska, digitalisert og  sett saman til ein akkurat passe lang langfilm. Ein kan trygt slå fast at framsyninga var ein suksess. Mange i salen kjende seg att. Søsken, foreldre eller vener dukka opp på lerretet i Storesalen. Det var gjensyn med ei tid der livet var fargerikt og spanande, men amatørfilmen var i svart og kvitt. Som sist låner vi mikrofonen til dei som har kommentarar å kome med undervegs.

Denne gongen byr sogelaget på eit lite kåseri om filmregissøren sjølv, Bernhard Jensen. Han var urmakarsonen som kom på motorsykkeltur til Sauda i 1930 og blei verande her til han døydde i 2004, 96 år gamal. Jensen var så mykje meir enn ein fagmann som fiksa og selde armbandsur og veggklokker. Han hadde mange hobbyar, han var skriveglad, og han var ein skøyaraktig humorist. Kåseriet er ved Roar Lund.

Billettar får de kjøpt på Saudakultur.no eller på biblioteket.

Ver velkomne til sogelagsmøte med sogelagsmat og ein god saudadrøs.

Urmakar Bernhard Jensen dreiv forretning i Rådhusgata i Sauda. Dette bildet er truleg tatt ein gong på slutten av 1990-talet. (Arkivfoto LL Ryfylke. Fotograf: Karen Markussen Kilane).

Roar Lund



Viktig endring

Viser til årsprogrammet 2024. Sogelagsmøtet 19. mars blir flytta til onsdag 13. mars. Meir info om sjølve møtet kjem.

Oppdatering: Møtet 13. mars om Sauda fabrikkarbeiderforening 100 år er diverre avlyst.