Meir urmakar Jensen-film i sogelaget

Tysdag 19. mars viser Sauda sogelag igjen film i Folkets Hus. Denne gongen er det eit ekstra tilbod til dei mange som det ikkje var plass til i den kulturelle storstova vår for fire veker sidan. Då var det premiere for «filmsnuttar» som urmakar Jensen tok opp  i Sauda på 1960-talet, og som Inge Mikal Nødland har fått vaska, reinska, digitalisert og  sett saman til ein akkurat passe lang langfilm. Ein kan trygt slå fast at framsyninga var ein suksess. Mange i salen kjende seg att. Søsken, foreldre eller vener dukka opp på lerretet i Storesalen. Det var gjensyn med ei tid der livet var fargerikt og spanande, men amatørfilmen var i svart og kvitt. Som sist låner vi mikrofonen til dei som har kommentarar å kome med undervegs.

Denne gongen byr sogelaget på eit lite kåseri om filmregissøren sjølv, Bernhard Jensen. Han var urmakarsonen som kom på motorsykkeltur til Sauda i 1930 og blei verande her til han døydde i 2004, 96 år gamal. Jensen var så mykje meir enn ein fagmann som fiksa og selde armbandsur og veggklokker. Han hadde mange hobbyar, han var skriveglad, og han var ein skøyaraktig humorist. Kåseriet er ved Roar Lund.

Billettar får de kjøpt på Saudakultur.no eller på biblioteket.

Ver velkomne til sogelagsmøte med sogelagsmat og ein god saudadrøs.

Urmakar Bernhard Jensen dreiv forretning i Rådhusgata i Sauda. Dette bildet er truleg tatt ein gong på slutten av 1990-talet. (Arkivfoto LL Ryfylke. Fotograf: Karen Markussen Kilane).

– Roar Lund



Viktig endring

Viser til årsprogrammet 2024. Sogelagsmøtet 19. mars blir flytta til onsdag 13. mars. Meir info om sjølve møtet kjem.

Oppdatering: Møtet 13. mars om Sauda fabrikkarbeiderforening 100 år er diverre avlyst.

Filmsnuttar frå 1960-talet og årsmøte i sogelaget

Tysdag i neste veke inviterer Sauda sogelag til filmframsyning i Storesalen i Folkets Hus. Inge Mikal Nødland er blitt filmregissør. Filmfotografen var ein gong urmakar Jensen.

Urmakar Bernhard Jensen kom til Sauda frå Kopervik i 1930 og dreiv verkstaden sin i Rådhusgata i 70 år. Jensen var kjend for meir enn at han kunne reparere klokker. Han hadde så mange jern i elden. Mellom anna var han «hobbykunstmalar», han skreiv dikt som han fekk trykt i Ryfylke, og han gav ut si eiga gratisavis som han leverte rundt på butikkane på Øyra. Og så tok han opp smalfilm. Då Jensen døydde i 2004 let han etter seg mengder av 16 mm filmrullar, i hovudsak tatt opp kring i Sauda på 1960-talet.

Eskene med filmrullar kom etter kvart lokalhistorieentusiasten og samlaren Inge Mikal Nødland i hende. Han såg verdien av filmane, og no har han fått dei «vaska», reinsa og klipt. Så er dei blitt digitaliserte og sett saman slik at Inge Mikal no kan by på ei 45-minutts framsyning på stort og flott lerret i Storesalen.

Urmakar Bernhard Jensen dreiv forretning i Rådhusgata i Sauda. Dette bildet er truleg tatt ein gong på slutten av 1990-talet. (Arkivfoto LL Ryfylke. Fotograf: Karen Markussen Kilane).

Februar er meir enn vinter, glatte fortau og høge brøytekantar. Det er også årsmøtemånaden for lag og foreiningar. Difor legg Sauda sogelag årsmøtet sitt til denne kvelden. Årsmøta i sogelaget er til vanleg greitt avvikla. Valkomiteen har gjort jobben, og dei har fått ja frå alle dei har spurd.

Ver velkomne, anten du er medlem eller ikkje, til det første sogelagsmøte i 2024 – til filmframsyning, allsong, sogelagsmat og god drøs. Billettar er til sals på nett, på biblioteket og ved inngangen. Oppdatering 15.02.2024: Alle billettane er nå utseld!

– Roar Lund



Om poeten Bjørn Ljung i sogelaget

Tysdag inviterer Sauda sogelag til det siste møtet i haust, denne gongen i Folkets Hus i Storesal. Programmet er todelt denne kvelden. Først vil vi presentere bygda sin eigen folkekjære poet, Bjørn Ljung, i ord og tonar. Oskar Waage-Pettersen, Sigmund Andersen, Oddwar Wiersen, Lillian Nordengen, Lena Sjursen Haugland og Judith Landa har tatt på seg den oppgåva. Etter ein kaffi- eller tepause med noko å bite i, er det tid for å opne sogelaget si adventsgåve til saudabuen, årsskriftet for 2023. Det vil skriftstyraren, Kirsten Hellerdal Fosstveit ta seg av.

For første gong legg vi ut billettar for førehandssal. Desse kan ein kjøpe på biblioteket og på internett. Og er det billettar att på tysdag, blir dei selde ved inngangen. Billettane er ikkje nummererte, så her blir det, som det gjerne heiter på moderne norsk, free seating.

Oppdatering: Arrangementet er utseld.

Ver velkomne til ein triveleg sogelagskveld med songar og dikt skrivne av Bjørn Ljung.

– Roar Lund


  • Dato: Tysdag 21. november
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Folkets Hus, Storesal