Karen Sofie og Åbøbyen i sogelaget

Tysdag er det igjen sogelagsmøte. Denne gongen inviterer vi til møte i Sauda klubb. Møtestaden skulle høve fint, for i møteserien «Kor vart dei av» har vi invitert arkitekten Karen Sofie Tangstad. Ho reiste frå heimbygda i 1978 for å byrje studia på det som då heitte NTH. Vel fire år seinare leverte ho hovedoppgåva ved  Institutt for arkitekturhistorie, og då var temaet «Åbøbyen i Sauda». Oppgåva handla både om arkitekturhistoria til dette unike og vakre bumiljøet, og om kva nye huseigarar kunne gjere for å modernisere husa i bydelen i ei tid då Elkem som nye smelteverkseigarar ville kvitte seg med ansvaret for både gard og grunn i Åbøbyen.

Karen Sofie har familierøtene sine i Sauda. Begge foreldra, Målfrid og Sverre Johnsen, jobba på fabrikken, så ho kjenner saudahistoria godt. Det er neppe tilfeldig at ho fekk det ærefulle oppdraget saman med Åshild Marie Øverland å vise kongeparet rundt i Åbøbyen då dei vitja Sauda i 2001. Meir om kor ho vart av og kva ho har drive med etter 1978, får vi heilt sikkert høyre om denne tysdagskvelden.

Deretter blir det tid til allsong og tradisjonell sogelagsmat før vi går laus på andre bolken. 10. juni i år blei det gjort kjend at Fortidsminneforeningen i Noreg hadde gitt Sauda sogelag «heiderleg omtale», diplom og 25 000 kr for laget sitt arbeid for å sikre vern av den unike arkitekturen i Åbøbyen. Førsteplassen gjekk til eigarane av Saxenborg gård i Trondheim, medan sogelaget og Åbøbyen kom på delt andreplass i skarp konkurranse med andre verneinteresser over heile landet. Grete Holmboe vil representere Fortidsminneforeningen denne kvelden.

Ver velkomen til Åbøby-historie midt i Åbøbyen, i Sauda klubb.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 17. oktober
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Sauda Klubb

Sogelagsmøte på smelteverket – 19. september

Tysdag inviterer Eramet og Sauda sogelag til ope møte i kantina på smelteverket. Saman vil vi markere – og feire – at det i år er 100 år sidan straumen blei sett på ved den første smelteomnen hos E.F.P. Co. Ltd. Det skjedde 13. juni 1923.

Sist dei på smelteverket feira stort jubileum, var i 1990. Då var det 75 år sidan bedrifta vart etablert i Sauda og amerikanarane kunne starte byggjeverksemda på Klubben og i Åbøbyen. Då fekk Kjartan Fløgstad frie forfattarhender til å skrive smelteverkshistoria i Sauda. Boka «Arbeidets lys»  er meir enn ei historiebok, ho er eit nærbilete av bedrifta og heimstaden vår.

Når Kjartan Fløgstad no tek turen til Sauda og til sogelagsmøtet er det mange gode grunnar til å vente både spanande og original lokalhistorie.

Når Fløgstad er ferdig med smelteverkshistoria, slik han ser ho, inviterer vi på ein annleis sogelagsmat. Den siste bolken tar også ein «saudagut» seg av. Det er verksdirektør Egil Aarebrot. Han ser optimistisk framover under overskrifta «Klar for hundre nye år.»

Og så blir det kulturelle innslag. Kva for, får vere ei overrasking. Og hugs, vi kan ikkje berre rusle inn på smelteverksområdet. Det ville bryte med alle sikkerheitsreglar. Difor er det sett opp buss frå parkeringsplassen ved Andedammen. Den første bussen går klokka 1815, den siste klokka 1845.

Ver velkomne!

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 19. september
  • Tidspunkt: Arrangementet startar kl 19:00. Oppmøte ved parkeringa ved Andedammen kl 18:15 og 18:45. Felles busstransport.
  • Stad: Kantina på smelteverket
  • Inngong: 100 kr

Slettedalen i sogelaget – tysdag 6. juni

Tysdag inviterer Sauda sogelag medlemmane i laget til den årlege vårturen. Ferda går denne gongen til Slettedalen, med frammøte klokka 17.00. Vi reknar med at veret er på vår side og planlegg friluftsmøte ved demninga ikkje mange metrane frå parkeringsplassen. Her vil Tone Årtun fortelje om liv og virke i dalen gjennom tidene. Hedlingen Tone veit mykje om korleis bygdefolket har brukt den grøderike dalen til seterdrift og til beite for dyra, anten dyra var «innleigde» frå andre bygder eller dei var drivne innetter dalen til hedlingane sine stølar. Ho vil også fortelje om då det var fast busetting heilt inne i Berdalen.

Ein gong drøymde saudabuen om vegutløysing mot Odda, men det blei med draumen, Slettedalsvegen kom aldri. Men den kraftkrevjande industrien såg verdien av å demme opp den vakre stølsdalen, og i 1960 var den 72 meter høge demninga på vestsida av dalen ferdig. For dei mange som var glade i Slettedalen, var det nok trist å oppleve at hustufter og setrar blei lagt under vatn. Som ein lett kan forstå: Det er mykje spanande historie i Slettedalen.

Vi fortel ikkje alt om programmet, for her kommer eit par små overraskingar. Hugs å ta med stol, kaffi og noko å bite i. Og spelar ikkje juniveret på lag med oss, flyttar vi møtet inn i Idrettshytta ved Minnehaugen. Dei som treng skyss, kan kontakte leiaren i sogelaget, Aslaug Astad, så blir det sikkert hjelp å få.

Ver velkomne til medlemsmøte i Slettedalen.

  • Frammøte ved demninga.
  • Viss dårleg vêr, blir møtet i idrettshytta.
  • Køyr gjerne fleire i same bil. Dei som treng skyss, kan kontakte Aslaug Astad, telefon 948 22 022.
  • Ta med stol, mat og drikke.
  • Musikk og kulinarisk overrasking.
  • Møtet er berre for medlemmer.
  • Gratis entré.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 6. juni
  • Tidspunkt: kl 17:00
  • Stad: Slettedalen. Frammøte ved demninga.

Stølsdrift i sogelaget

Tysdag kjem Roy Høibo til sogelaget. Temaet for kvelden er historia om stølsdrifta i Ryfylke, naturleg nok med spesiell fokus på dalstroka kring Sauda. Høibo var lenge direktør ved Ryfylkemuseet. No er han ein aktiv pensjonist med fridom til å skrive og tale om det som måtte interessere han når det passar han. Det har mange i regionen vår hatt stor nytte og glede av. Før jul i fjor gav han, saman med Lise Bjelland ut bestselgjaren «Til støls. Stølar og støling i Indre Ryfylke». Boka selde betre enn varmt julebrød frå sogelaget sin adventsbokhandel sist desember.

Roy fortel at han i høve bokutgjevinga har hatt mange fine turar til områda i Sauda der det ein gong var stølsdrift. Han har tråla Slettedalen på langs saman med Tone Årtun heilt inn til Vierne, og han har «oppdaga» Herheimsdalen – ein skjult løyndom for meg, seier han.

Det var ein gong omfattande aktivitet ved dei mange stølane i Sauda. Det er historia kring denne aktiviteten Roy Høibo vil fortelje. Og så legg han til at vi ikkje må gløyme at vi framleis har stølsdrift i kommunen:

Drifta på Litlastølen mellom Hellandsbygd og Breiborg er verkeleg interessant.

Med seg frå Sand har Roy også eit rikt biletmateriale, både gamle bilete og bilete som han og Lise Bjelland har tatt i samband med bokutgjevinga i fjor. Han lovar også å ta med nokre bøker for sal.

Som vanleg på sogelagsmøta blir det «sogelagsmat», kanskje med geitost på skiva? Og vi gløymer ikkje allsongen denne gongen heller. Ver velkomne til sogelagsmøte om stølane i Sauda.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 18. april
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Eldresenteret, Høllandstunet

Jakt og fiske i sogelaget

Tysdag inviterer sogelaget til ope møte på Eldresenteret. Då set vi fokus på historia til Sauda jeger- og fiskerforening som blei stifta i 1945. Då femti år var gått, skreiv Torgeir Vetti soga om foreininga så langt. Så gjekk nye 25 år, og Syvert Bruknapp tok på seg oppgåva å føre historieskrivinga fram til 2020. No kjem han til sogelaget med heile historia frå den spede starten i 1945. Det vil naturlegvis handle om det organisasjonsmessige arbeidet i foreininga. Men det skal også dreie seg om konsesjonsvilkåra som har gjort Saudefaldene til ein viktig  samarbeidspartnar, om utsetjing av fisk i elvar og vatn, klekkeridrift og  mykje anna viktig arbeid for å verne om og nytte seg av naturtilbodet i Sauda.

Syvert kjem ikkje aleine denne kvelden. I 2019 blei Lene Doksrød Ringstrand som første kvinne vald til leiar for dei lokale jegerane og fiskarane.  Olafr Jakobsson har leia jaktutvalet i «Sauda jeger og fisk» i ein liten generasjon. Og Karin Øvrebø Gauthun har vore ein pådrivar for å få barn og ungdomar med i foreininga. Det har gitt god utteljing, for no har medlemstalet runda 500. Berre idrettslaget har fleire medlemmer i Sauda.

Så ver velkomne til ein kveld med jakt- og fiskehistorie i sogelaget. Når sogelagsmaten blir servert i pausen, kan det jo hende at drøsen  vil gå om både storlaksen som beit på i Nordelva og om rypejakta den gong det var mykje fugl på Røldalsfjellet. Det er grunn til å rekne med at allsongen blir tilpassa kveldens tema. Kanskje «Jeger bom, bom»?

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 14. mars
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Eldresenteret, Høllandstunet