Medlemstur

I samband med markeringa av 200-års-jubileet for utvandringa til Amerika inviterer sogelaget til medlemstur med Suldalsbussen til Vestnorsk utvandrarsenter på Radøy 3. til 4. juni 2025.

3000 kroner for reise, mat og overnatting på Alver hotell. (400 kroner ekstra for enkeltrom).

Bindande påmelding innan 1. mars.

Det blir informert om turen på sogelagsmøtet 25. februar. Det blir også lagt ut meir informasjon her på nettsida.

Har du splrsmål? Ta kontakt med Roar, tlf 95 03 21 83 eller Aslaug, tlf 94 82 20 22.

Gode lesarar

21. november i fjor inviterte Sauda sogelag til møte i Folkets Hus under overskrift «Bjørn Ljung, vår eigen poet i ord og tonar». Dei som presenterte den folkekjære saudapoeten frå scena var Judith Landa, Oskar Waage-Pettersen, Sigmund Andersen, Lena Sjursen Haugland, Lillian Nordengen og Oddwar Wiersen. For ein fullsett Storesal blei førestillinga ein kjempesuksess. Det kom raskt krav om at sogelaget må få sett dikta og songane på prent og gjere dei tilgjengeleg for langt fleire enn dei 175 tilhøyrarane som var til stades denne kvelden.

Bjørn Ljung

Skriftstyret syntest dette var ein god idé som vi med stor glede har følgt opp. Sigmund Andersen tok på seg oppdraget. Saman med kona til Bjørn, Liv Kari Sollie, har dei lese og sortert i Bjørn sitt rike mangfald av dikt og songar. Vi takkar dei begge for at dei har opna denne lyriske skattekista for oss saudabuar. 

I år er årsskriftet prega av dei lange historiene og av det ein må kunne kalle «barndomsminne». Marit Johnsen-Høines, Ivar Molla og Tor Geir Molla har minne frå oppvekst og hytteferiar eit stykke ut i Sauda-fjorden, på Molla. Eigersundaren Sigmund Birkeland, som budde i Sauda  dei første leveåra, kom attende til Birkeland og familien der i alle skuleferiane. Det har han mange gode minne frå. Tore Næss Øye skriv ikkje så langt. På knappe tre sider fortel han om den store reisa ut i verda – heilt til Røldal drog tiåringen. Mykje var framandt for han der, det var ikkje alt dei  sa han forstod. Ikkje rart at han då lurte på om dei snakka norsk i den avsides fjellbygda.

Vi har også gleda av å presentere Signy Christensen sine minne frå skulegangen på Risvoll skule frå 1939 til 1945. Elles ser vi at det er etterkrigstidas lokalhistorie som pregar årsskriftet. Sydamene i Sauda har fått si velfortente historie skriven av barn og barnebarn. Og både Gerd Astrid Djuv Melstveit og Tarald Aano skriv om fedrane sine, høvesvis hestehandlaren Ola Djuv og stortingsrepresentanten Jakob Aano. Ester Pettersen minnest oppveksten i Sauda-sjøen på 1950- og sekstitalet og Vigdis Lian hugsar enno kinokøen som strekte seg langt ut på fortauet, myndig overvaka av vakthavande lensmann. Det var i kinoens glansdagar, lenge før heimevideo og streama filmar privatiserte filmopplevingane.

Ikkje alle forfattarar og artiklar skal nemnast her. I eit tjukt og rikhaldig årsskrift som dette, vonar vi at alle lesarane våre vil finne noko av interesse. Og så takkar vi alle som har bidrege i den 44. utgåva av Årsskrift for Sauda sogelag.

God lesnad!

Bokmelding: Nu solen går ned

Hugsa du å be kveldsbøna i går kveld før du la hovudet på puta? Kanskje har kveldsbøna di gått i den store gløymeboka, der det ligg så mykje anna gamalt frå før. Folkeminne er gjerne omtalt som noko som mest alle har gløymt, men som nokre få av oss gjerne står på for å hente fram igjen. Slik vil minna vere til glede også for nye generasjonar.

Då pandemien slo inn over landet hausten 2020, ramma han det meste av sosiale aktivitetar andlet til andlet. Men på nettet var det framleis mogleg å «møtast» og kommunisere. Den opninga nytta Guri L. Ravatn seg av. Og det har det blitt ei vakker lita bok av.

Guri, med jentenamnet Rolfsen, er fødd og oppvaksen i Sauda og bur no i Ølen. I boka, som kom ut tidlegare i år, skriv ho at ho kom til å tenke på si barndoms kveldsbøn, som mor og mormor hennar las for henne. Dette kombinert med at ho alltid har hatt interesse for folkeminne, gjorde at ho såg at det kunne vere verdfullt å få samla inn nett slike minne.

Så Ravatn gav seg i kast med å grave fram kveldsbøner og kveldssongar frå minna til folk på Haugalandet, i Sunnhordland og i Ryfylke.  Ho fekk inn om lag 50 ulike kveldsbøner og kveldssongar. Så har ho formidla det ho fekk inn vidare med føredrag, mellom anna på Betel i Sauda og i ein interessant artikkel i Årsskrift for Sauda sogelag i 2023, «Nu lukker seg mitt øye». Boka har ho kalla «Nu solen går ned» og er rikt og vakkert illustrert av Dorota Cieslar.

I boka har forfattaren gitt plass til kommentarar frå informantane. Det er tydeleg at dei langt fleste minnest at det var mor eller bestemor som sette seg ned på sengekanten hos den litle, såg til at han eller ho knepte hendene fint oppå dyna før dei takka Gud for dagen. Dei som har slike barndomsminne vil sikkert finne «si bøn» i boka. Eg fann mi, og endra litt på ho her, slik at ho passar til akkurat mitt minne, med mi mor eller bestemor på sengekanten ein gong tidleg på 1950-talet:

NU LUKKER JEG MITT ØYE
Nu lukker jeg mitt øye,
Gud Fader i det høye
I varetekt meg ta.
Frå synd og sorg og fare
Guds engel meg bevare,
som ledet har min fot i dag.

– Roar Lund

I Sauda vil boka vere til sals i adventsbokhandelen vår.