Prestegata 2
gnr 28 / bnr 25 |
Byggjeår: ca 1905 |
Bruk: Kafé, banklokale, skomakar, elektrikar, overnatting |
Denne verdfulle sentrumstomta vart kjøpt av Jakob Ringhagen frå gardsbruket til Daniel Fiveland for 400 kr i 1901. Det er oppført to hus på denne firkanta teigen. Her skal me konsentrere oss om det eldste huset, som ligg like bak den store grana ved krossen Prestegata-Rådhusgata. Dei som har kunnskapar om lokalsoga, vil vita at like framfor «Ringhagen-huset» stod den gamle «Prestestova», som var eit kommunehus. Det vart rive i 1928 og sett opp att på Rød.

Frå fyrst av var dette eit reint bustadhus, bortsett frå lokalet i kjellaren, som vart brukt til ulike føremål. Her budde mellom andre Hans og Magla Hylen før dei flytte ut til Kalhagen. Men i 1920 får Anna Ringhagen — dotter til Jakob og Brita Ringhagen — kommunalt løyve til å driva kafé i fyrste høgda. Dette løyvet vert seinare fornya. For ho opna kaféen i foreldrehuset — namnet var «Avholdskaféen» — hadde Anna Ringhagen alt tidlegare drive kafé på Øyra. Allereie i 1917 gav heradsstyret henne løyve til å opna kafédrift i andre høgda i huset til Marta Tvedten, Heimkjær.
«Avholdskaféen» heldt det gåande til slutten av trettiåra. Ein av grunnane til Anna Ringhagen hadde ein etter måten stor kundekrins, var at det var radio i kaféen. Som kjent vart ikkje radioen allemannseige før heilt i slutten av trettiåra. Sommaren 1936 var det mange som samla seg rundt radioen i denne kaféen for å høyra på radiooverføringane frå sommarolympiaden i Berlin 1936. Den som skriv desse linene (Torgeir Vetti/Lars Viland), hugsar at han den 7. august det året — på sjølvaste tiårsdagen —opplevde den historiske fotballandskampen då Noreg heilt sensasjonelt sigra 2 — 0 over Tyskland. Som kjent var dette eit tap som «smaka» Adolf Hitler mindre godt — for seia det mildt. Men i «Avholdskaféen» stod jubelen i taket!
Kjellaren i huset har si eiga historie og har tent ulike føremål. Me nemner at Sauda Sparebank flytta inn i kjellarlokalet i 1910 og heldt til her her fram til 1914. I jubileumsboka «Sauda Sparebank 1892 —1992» — skriven av Lars Viland – kan ein lesa dette: «I kjellaren var det berre jordgolv med ei stor steinhelle og nokre lause fjøler oppå.» Det er klårt at i lengda er det langt fra tilfredsstillande å driva bankverksemd under slike primitive tilhøve.

Ei verksemd av eit heilt anna slag som heldt til her ei stutt tid, var installasjonsfirmaet Ringhagen —Bakka. Bak desse to etternamna gøymer seg Paul Ringhagen og Martin Bakka. Elektrisiteten kom til Øyra i 1919, og desse to hadde det travelt med å leggja inn elektrisk ljos og varme i husa i sentrum. Dei hadde både verkstad og utsal i «Ringhagen-huset». Då Paul Ringhagen reiste til Oslo for å utdanna seg i elektrikarfaget, heldt Martin Bakka fram åleine under firmanamnet Sauda Elektriske Forretning som seinare fekk utsal og verkstad i huset til J. L. Vandvik i Rådhusgata. Truleg har det også ei tid vore skomakarverkstad i kjellaretasjen, men diverre har det ikkje lukkast oss å oppspora namnet pa skomakaren.
Framfor inngangsdøra til «Avholdskaféen» var det ein altan, og på langbenken som var plassert der, sat det som regel kvar dag — dersom vêret var lagleg — markante, kjende saudaprofilar: Sjur Handeland, Helleik Thorsen, urmakar Ole Amdahl, Hadle Espeland, Jakob Ringhagen og lensmann Ole Steffen Tengesdal — før han vart sjuk. Her kunne dei sitja timevis, ofte i to økter fordelt på føre- og ettermiddag — i samtale om lokale, nasjonale og internasjonale spørsmål som var oppe i samtida. I 1999 var det oldebarnet til Jakob Ringhagen som sat med eigedomen. Han kjøpte attende grannehuset som vart oppført i 1929 av Nicolai Aarehrot som var gift med Laarsine Ringhagen. Dette huset tilhøyrde nokre år firmaet «Brødrene Selvig».
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.