Birkelund

Brugata 4

gnr 28 / bnr 38
Byggjeår: 1915
Bruk: Bustad, bakeri, elektrikar, kisok

Nedst i Brugata mellom Det gamle Folkets Hus og forretningshuset til Paul Selvig-ligg huset «Birkelund`’, der Olaug og Rolf Moen bur. Det er mykje interessant lokalhistorie som knyter seg til dette huset som vart bygt i 1916 av materialane etter eit bustadhus som stod i Søndenåhamn og som tilhøyrde Elias Birkeland. Elias reiv huset i Søndenåhamn, kjøpte tomta i den nåverande Brugata hjå Amund Søndenå. Det vart ikkje opphavleg innreidd butikklokale i huset. Elias Birkeland dreiv transport med hest og kjerre for A/S Saudefaldene mellom Søndedåhamn og den store lastekranen ved Storlivatnet. Dessutan hadde han også transportoppdrag for E.F.P. inne på fabrikkområdet. Derfor var det naturleg at han sette opp ein hestestall for dei to hestane han hadde og eit vognskjul for lastekjerrene på baksida av bustadhuset. I andre høgda i huset dreiv kona til Elias — Severine fødd Lindvoll — vaskeri og strykeri. I kjellaren var det eit par rom som han leigde ut til familien Ringstrand, foreldra til Einar Ringstrand.

Birkelundhuset til høgre for Det gamle Folkets Hus. Foto: Steinkopf Wold (Kjelde: Soga som Sauda, fjerde bandet)

Det vart innreidd butikklokale i fyrste høgda då bakar Ragnvald Gjerde frå Bjoa tok til med bakeri i kjellaren og brødutsal i fyrste høgda i 20-åra. Sjølv flytte Elias Birkeland og huslyden til Saudasjøen då han kjøpte garden «Bakkane» på Risvold i 1921. Han leigde då huset i Brugata ut nokre år. Rundt 1930 var det sers folkesamt i huset. På den tida var det ikkje mindre enn 20 personar som budde i det vesle huset. Emma Moen – som var enke budde med sønene Hans og Rolf i andre høgda. Desse tre budde tidlegare i eit hus som tilhøyrde Saudefaldene og som stod på Slåttå i Søndenåhamn. Ei natt i 1930 braut det brått ut brann medan dei låg og sov. Nokre menn som tilfeldig kom forbi, fekk varsla dei sovande i siste liten. Dei greidde så vidt å koma seg ut or huset som snart stod i full loge. Dei var heldige som fann seg husvære i andre høgda i huset i Brugata. I fyrste høgda budde Olena Bakke saman med barna sine, dessutan budde det folk i kjellaren.

Då bakar Gjerde slutta med bakarverksemda, kom Sven Håland med huslyd frå Karmøy til Sauda og overtok både bakeriet og husværet etter Gjerde i 1936. Då Håland vart leiar for bakeriet i Sauda forbrukslag i 1938, vart han etterfylgd av Dagfinn Caspersen som prøvde seg som bakar i Brugata i stutt tid. Etter krigen leigde Sigurd Sivertsen butikklokalet og brukte det som verkstad for radioreparasjonar. Då han slutta, heldt elektrikar Seffarth Hansen til der med sal av elektrisk utstyr. Dessutan dreiv Seyffarth Hansen installasjonsarbeid.

Elias Birkeland var eigar av huset fram til krigsåra. Då gjorde han eit husbyte med skomakar Lindanger. Den sistnemnde hadde i fyrstninga av krigen kjøpt bustadhuset til Ingolf Aabø. Lindanger overtok huset til Birkeland i Brugata, medan den andre vart eigar av huset på Åbø. Seinare kjøpte ølensbuen Olav Veka huset av Lindanger.

Rolf Moen vart buande i huset sidan han flytte inn i 1930, og det var han som kjøpte eigedomen av Olav Vaka i 1952. Der heldt han fram å bu saman med kona — fødd Nybø — og sønene Adelsten og Thorfinn. Han gjorde bruk av butikklokalet. Ei stutt tid hadde han ølutsal der, og då han vart kommisjonær og distributør for norske vekeblad, vart lokalet sentral for distribusjonsverksemda.

Då han la ned denne verksemda, bygde han huset noko om. Butikklokalet gjekk inn i husværet, og på baksida vart det påbygt ein romsleg altan. Den gamle hestestallen og vognskjulet vart rivne, og det vart sett opp ein garasje som glir harmonisk inn i terrenget. Bakgarden er omgjort til eit vakkert hageanlegg med velstelte plenar og fargerike blomar, ein oase i sentrum. I dag bur Olaug og Rolf åleine i huset.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.