Flatheim

Rådhusgata 36

gnr 28 / bnr 158 og 159
Byggjeår: 1929
Bruk: Blomebutikk, jernvarehandel
Flatheim er bygget i høgre biletkant, der det står to personar utanføre på gata.

Brørne Martin- og Johannes Fløgstad bygde dette huset saman i 1929. I første etasje innreidde dei to forretningslokale. Johannes hadde handelsbrev. Martin hadde gått på gartnarskulen i Ulvik. I 1930 starta dei sal av blomster, frukt, grønsaker og keramikk i det nordre lokalet. På heimegarden på Fløgstad sette dei opp to mindre vektshus og driv-benker og satsa på blomster, prydbuskar, frukttre og tomater. I 1955 kjøpte Martin bruket «Longabakka» på Brekke, der han sette opp to større veksthus og utvida produksjonen. Johannes og Martin Fløgstad åtte også hjørnetomta der Bertha Sivertsen dreiv «Torvets Frukt og Tobakk». I midten av 1960-talet ordna brørne seg slik at Martin overtok huset, medan Johannes fekk hjørnetomta, som han straks etter selde til Bergens Kreditbank.

I 1969 døydde Martin Fløgstad, og det vart til at sonen Arnljot tok over forretninga og huset i 1972. I tida etterpå har eigenproduksjonen minka av. I dag (1999) vert alle varene kjøpte inn. Det vil ikkje vera rasjonelt å produsera i mindre mengder. For det meste kjem dei frå Danmark og Nederland, til dels også frå Tanzania, via firma i Haugesund. Sjølve huset er blitt noko endra. Loftsetasjen er borte, og nordfasaden har fått eit lag murpuss.

Annonse i Ryfylke, jul 1938.

I det andre lokalet vart det opna jernvarehandel alt frå huset var nytt i 1930. Ole Halvorsen var fødd på Hjelmeland i 1893. Faren, Daniel Halvorsen, dreiv fargeri og hadde dessutan kolonialforretning og bakeri. Ole Halvorsen hadde arbeidd nokre år i firmaet Rasmussen & Racine då han, berre 25 år gammal, vart tilsett som styrar i den nyopna Rasmussen & Racine-filialen i Sauda. Han kom til å trivast i Sauda og vart verande her livet ut, sjølv om kona, Gina, f. Hetland, frå Ogna, den første tida i Sauda, sakna det opne jærlandskapet – med det vide utsynet og den høge himmelen.

Martin Fløgstad i gartneriet. (Kjelde: Tre gater på Øyra)

Etter ca. 10 år som styrar i jernvarehandelen til Rasmussen & Racine, opna han i 1929 eigen forretning i same bransjen i Martha Tvedten sitt nye hus i Rådhusgata. Der var han herre eitt år. Tidleg på året 1930 flytta han forretninga til Martin og Johannes Fløgstad sitt nye hus, og her kom han til å vera i heile 25 år – til han vart sjuk våren 1955 og seinare på året overlet handelen til Leif Moe. Familien Halvorsen, Ole og Gina og dei fire borna, budde heile tida i 2. etasje i «Flatheim». Då dottera Marie og svigersonen John Helle i 1954-55 planla det store forretningsbygget dei sette opp i Skulegata, var det meininga at faren skulle flytta verksemda til større lokale der, men slik skulle det ikkje gå. Ole Halvorsen døydde i 1956, same året som det nye bygget sto ferdig.

Leif Moe heldt fram same stad til 1964 då han flytta handelen til Borgny, Rådhusgata 25. Martin Fløgstad slo då dei to forretningslokala saman.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.