Heimlund

Rådhusgata 26

gnr 28 / bnr 45
Byggjeår: ca 1916
Bruk: Bakeri, kjøtforretning, kolonial, hotell, apotek, fargehandel, skobutikk, databutikk, helsekost
Huset fekk blått skilt i 2022.

Det var Daniel Fløgstad som selde tomta, tinglyst 6. oktober 1916. Huset vart bygt i 1916. Byggherre var Peder Johnsen, byggmeister Ordin Jakobsen. Johnsen var frå Island og var bakarmeister. Kona, Hilda, var født Østebø og var fra Vormestrand.

Bakeriet hadde Johnsen i kjellaren, der det vart murt opp stor bakaromn. Men etter herre 2 år selde Johnsen huset og bygde nytt, «Borgny», på andre sida av Rådhusgata. Det var Ordin- og Margit Skorpe som kjøpte Heimlund. Skorpe, som var slaktar, var frå Nedstrand, kona Margit, født Årtun var frå Hellandsbygd.

Det var to butikklokale i huset, eit større og eit mindre. Skorpe byrja med kjøttforretning i det største og etter ei tid med kolonialhandel i det minste. Skorpe hadde på den tid to unge menn i si teneste, Johannes Rasmussen frå Nedstrand og Bjarne Dybdal Holthe frå Vikedal. Dei gjorde begge karriere i forretningslivet. I 1928 kjøpte dei «Sauda Varelager A/S», den store kolonialforretninga som E.F.P. Co Ltd. (smelteverket) hadde drive i Åbøbyen, og som Rasmussen og Holthe døypte om til «Grand Kolonial». Rasmussen flytta i 1939 til Sandeid, medan Dybdal Holthe vart verande i Sauda.

Husa i Rådhusgata, sett frå baksida. Heimlund er midt i biletet. Foto: Nasjonalbiblioteket.
Eit av dei eldre bileta frå Øyra. Her ser me godt Heimlund på høgre side av gata. (Kjelde: Soga om Sauda, fjerde bandet).

Etter at Skorpe hadde bygt nytt forretningsbygg i Brugata, vart det fargehandel i det største lokalet. Eigar var Einar Gravem, som var frå Oppegård. Han var der berre ei kort tid. Hålands Meieri og Sauda Elektriske Forretning var der også i korte tidsrom. I andre etasje vart det drive hotell ei tid, kor lenge er noko uvisst. Men 1. mars 1929 er det i alle høve ein annonse for «Hotel Royal» i bladet Ryfylke. Det er Johan Bohman, og ein som skreiv seg G. Eriksen, som dreiv hotellet, der «saavel reisende som faste og tilfeldige spisegjester mottas. Førsteklasses kjøkken». Seinare leigde Skorpe dei mange romma ut som hyblar for ungkarar og tilsette Marta Bjelland frå Nedstrand til å ha tilsyn med dei. Men vinteren 1933-34 gjekk det føre seg ei heil ombygging i huset.

Utsnitt av husrekka i Rådhusgata. Her er Heimlund tredje huset frå høgre – det einaste med gavlfasaden mot gata.

Apotekar Anders Johansen, Sand, fekk i september 1933 løyve til oppretta filial i Sauda. Både han og medisinaldirektøren ville helst at hovudapoteket skulle vera i Sauda då den største delen av omsetnaden på Sand gjekk til Sauda. Men på grunn av sterk motstand frå heradsstyret på Sand, vart det ikkje noko av det. Filialapoteket opna i «Heimlund» i april 1934. Johansen leigde heile huset, som var blitt klargjort om vinteren. Apoteket opptok heile første etasje og kjellaren. Kjellaren var elles ein viktig arbeidsplass med vaskerom der medisinflasker- og glas vart reingjorde. På den tid tok apoteka mot brukte flasker og glas. I andre etasje var det husvære for apotekaren og vaktrom. I bakgarden var det eit uthus som vart nytta som lager, der vart dei sterke syrene oppbevarte. Serleg brannfarlege væsker vart handsama i bakgarden. Likevel var arealet i minste laget med den omsetnaden det då var i Sauda.

Den første som var styrar for filialapoteket, var Sverre Svensen. Han styrte apoteket frå 1934 til oktober 1938. Etter han kom Helene Wahr-Hansen, som var her til 1946. Gerd Bentzen Fjeld styrte apoteket ei kort tid i 1943. Den siste filialstyrar var August Fredrik Giæver Loose. Ved kongeleg resolusjon av 31 oktober 1946 vart filialapoteket omgjort til sjølvstendig apotek. Giæver Loose styrte apoteket i overgangstida frå mai 1946 til mai 1947.

Den første sjølvstendige apotekar i Sauda var Louise Johanne Margrethe Stensvold, f. Winsnes. Ho var medlem av Sauda heradsstyre frå 1951. Men reiste frå bygda i 1954 då ho overtok Namsos apotek. Arnstein Hovind var den neste. I Sauda var han frå oktober 1954, men han døydde alt i 1957. Finn Thorngård Retz fekk då bevilling til å driva apoteket. Etter tre år i det gamle, bygde han nytt apotek i 1960.

Det var Jostein Aartun, «Sauda Fargehandel», som flytta inn i det ledige lokalet i «Heimlund» våren 1960. Han hadde tidleg tatt handelskulen og hadde arbeidd hjå Ole Halvorsen og Olai Hummelsund. I 1949 hadde han tatt over fargehandelen til Hummelsund. Han hadde såleis lang erfaring i faget då han etablerte seg i den nye forretninga, der det var mykje betre plass. Og her i «Heimlund» kom han til å vera i heile 25 år – til han i 1985 bygde nytt, stort hus litt lenger nede i Rådhusgata.

Etter at fargehandelen i 1985 var blitt flytta til nytt hus, selde Skorpefamilien huset til Astrid og Svein Rørvig, Sand. Dei opna forretning, «Skoringen», etter ei større ominnreiing i første etasje. Svigersonen Rainer Speth overtok butikken, og etter han avvikla i 1990, åtte SR-bank huset fram til 1993 då det vart kjøpt av «Næringsakademiet», eit datafirma som selde datautstyr og elles dreiv med undervisning og opplæring. Etter eit par år la firmaet ned verksemda i Sauda og selde huset til Jørgensen Eiendom. Frå 1994 til våren 1998 leigde «Max Barneklær» ved Olav Oustad forretninga. Etter dette opna eit helsekostfirma filial der.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.