Lundvang

Skulegata 13

gnr 28 / bnr 62
Byggjeår: 1916
Bruk: Forretning, bustad/hyblar, forbrukslag, frisør, klesbutikk

Dette er ein eigedom som er uvanleg rik på historie. Byggjegrunnen tilhøyrde opphavleg gardsbruket til Daniel Fløgstad, som om lag 1910 selde eit stort areal, som strekte seg nedover mot Nordelva, til Amund Søndenå. Den sistnemnde selde ei tomt av denne teigen til to personar: Olav Jacobsen og Aslak Lundtvedt. Det var på denne tomta — «Lundevang» at Oscar Øgreid og Helmert Ringhagen sette opp det kombinerte forretnings- og bustadhuset i 1916.

På dette biletet ser me hovudsakleg taket på Lundvang. Det er bygget med vinkel og fire piper. Foto: Nasjonalbiblioteket.

Dette var eit bygg som ruva i sentrum i anleggstida, då denne industristaden tok til å ta form, og det er inga overdriving å seia at det framleis set sitt preg på gatebiletet. I dag (1999) er huset bygt om til eit reint forretningsbygg, men tidlegare inneheldt huset fem husvære, og ovanfor andre høgda var det ein loftsetasje med fleire hyblar som også vart leigde ut. I den tida bygget også tente som bustadhus, var det til tider barnerike huslydar som budde der, og då høyrde ein jamt trampinga av barneføter på veg inn gjennom dei to inngangane fra Skulegata og opp troppene som førte til andre høgda og loftet. Gateadressa til Selvig-huset er Skulegata 13, men ein stor del av fasaden vender mot Brugata. Tidlegare var inngangen til forretningsdelen frå denne gata.

Dette biletet er tatt same dag som biletet over, men frå ein annan vinkel. Her ser me husa i Brugata på rekke og rad nærast fotografen. Lundvang er det andre huset frå venstre. På dette tidspunktet var inngongen frå Brugata (Skulegata var ennå ikkje bygt). Foto: Nasjonalbiblioteket.

Eldre saudabuar vil hugsa at bak bygget stod eit lågt, lite hus. Det er nå rive, men dette har også ei historie å fortelja og fortener ein liten omtale. Når det gjeld forretningar som har halde til i huset, er det ei lang rekkje. Underskrivne (Torgeir Vetti og Lars Viland) kan ikkje garantere for om han har fått med seg alle som har leigd forretningslokale i fyrste høgda. I lang tid var det nemleg to lokale i fyrste høgda. Begge vende mot Brugata. Det har vore uråd å finna sikre skrivne kjelder for alle leigetakarar i forretningsdelen. Derfor må ein stø seg til det folk minnest, og dermed kan det skje at namn vert gløymde.

Etter dei opplysningane som ligg føre, dreiv foreldra til Anders Kjellevold, Dina og Elling Kjellevold, kolonialforretning i fyrste høgda i anleggstida, altså i dei næraste åra etter at storindustrien hadde halde sitt inntog i denne bygda. Ein stor del av kundane var anleggsarbeidarar som var sysselsette i den lange driftstunnellen mellom Storli og Søndenåhamn. Men mange av desse anleggsfolka var upålitelege betalarar som ofte forsvann frå bygda før dei hadde gjort opp for seg hjå kjøpmannen. Under slike omstende var det vanskeleg å driva handel, og ekteparet Kjellevold måtte avvikla verksemda etter nokre få år.

Den neste leigetakaren me høyrer om, er filialen til Stavangerfirmaet Rasmussen & Racine som etablerte seg i Sauda i anleggstida. Firmaet hadde store leveransar både til E.F.P. og Saudefaldene. Den som styrde filialen, var Ole Halvorsen, som seinare byrja med eigen jernvarehandel. Ole Halvorsen budde sjølv i huset saman med kona og dei tre eldste barna.

Seinare flytte Sauda Forbrukslag inn i fyrste høgda. Før den tid hadde denne forretninga halde til i «Bøndernes Hus», som me i dag kjenner som «Presanghuset«. Truleg har ikkje Forbrukslaget gjort bruk av heile fyrste høgda, for i 1930-åra veit me at Magnus Stokkedal hadde frukt -og tobakkshandel her i den del av forretningsarealet nærast huset til Rolf Moen. Stokkedal dreiv handelen her til fyrst-ninga av krigen. Då overtok Oktav og Molly Haraldsen denne butikken som dei avvikla i slutten av 40-åra.

Sauda Forbrukslag flytter inn i nybygget på andre sida av gata i 1938. Då lokalet vert ledig, er det kjøpmann Alf Selvig som overtek lokalet. Han flytter då frå ‘Torgheim-huset» der han har halde til i stutt tid. Dette skjer i 1939. Men me må merka oss at i fyrstninga får han ikkje gjera bruk av heile fyrste høgda. Det skjer fyrst mot slutten av 40-åra etter at Oktav og Molly Haraldsen har lagt ned handelsverksemda. Då disponerer Alf Selvig heile forretningslokalet mot Brugata. Men framleis er bygget både eit forretnings- og bustadhus — med husvære både i fyrste og andre høgda — og framleis er det Oscar Øgreid og Helmert Ringhagen som eig det innhaldsrike huset.

Så lenge Øgreid og Ringhagen står som eigarar, er det vanskeleg for Selvig å modernisera og utvida forretninga. Det skjer fyrst då Selvig får kjøpa den verdfulle eigedomen i andre halvdel av 1960 åra. Etter at Selvig gjekk bort i 1975, var det barna hans, fire jenter og ein gut, som overtok huset. Sonen, Paul, løyste ut syskena sine i 1980-åra, og dermed stod han att som eineeigar av den verdfulle sentrumseigedomen som etter kvart vart ombygt til eit moderne forretningshus.

Den omfattande moderniseringa og utvidinga av forretningsarealet tok til i andre halvpart av 80-åra. Den største, synlege endringa skjer på fasaden som vender ut mot Skulegata. Bustadene i fyrste og andre høgda må vika for ei ekspanderande og moderne forretning, som etter kvart framstår som eit bymessig klessenter. I fyrste høgda er det eit vidt areal for herreekvipering, medan damene finn eit stort vareutval i andre høgda. Medan me er saman med damer, kan me minna om at i den tida det var husvære i bygget, hadde fru Hans Throndsen i fleire år damefrisørsalong i andre høgda.

Lundvang fotografert frå lufta. Her ser ein godt bygningsmiljøet på baksida av huset. Det store bygget til høgre for Lundvang er Det gamle Folkets Hus. Foto: Digitaltmuseum.

Bygget har forbetra seg i arkitektur etter at det i andre høgda er bygt ein romsleg terrasse ut mot Skulegata. Inngangen er flytta frå Bru- til Skulegata. Bordkledningen er skifta, og målinga i okergult høver framifrå slik huset framstår nå. Mykje arbeid er lagt ned både i loftshøgda og kjellaren. I loftsetasjen er det innreidd eit par kontorrom, og i kjellaren er det romslege lagerrom. I det heile har det store huset fått eit tiltalande preg og er til pryd for gatebiletet.

Det vesle uthuset som stod på baksida, har også si soge. Før det vart lagt inn klosett i hovudbygget, var her utedo. Seinare vart det brukt som vaskeri. og her var det fyrste folkebadet i Sauda. Det var i 20-åra. Sauda Forbrukslaget brukte huset som mjøllager. Seinare har her vore forniklingsverkstad og lagerplass for ein målarmeister. I ei tid det var knapt med bustader i Sauda, budde det jamvel folk her.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.