Rådhusgata 9
gnr 28 / bnr 10 |
Byggjeår: Ukjend (flytteår: 1874) |
Bruk: Landhandel, gjestgiveri, kontor, bank, medisinutsal, blomsterhandel, bokhandel |
Nordstrand sto opphaveleg oppe på Brekke. Kristen Aarthun («Amerika-Kristen») kjøpte huset og flytta det ned på Øyra i 1874. Det er hevda at kvekarane hadde brukt det som forsamlingshus. Kristian Aarthun dreiv handel i huset til han døydde i 1886. På Øyra vart det nytt som gjestgiveri i ei tid. «Logi for Reisende. Udsalg af Kaffe og Spise m.m.», står det på eit skilt som skal ha stått på dette huset. Det er gissa på at dette m.m. (med meir) står for øl- og vinsal. I 1887 kjøpte Kristen Olsson Fløgstad (f. 1852) huset og byrja landhandel. Han hadde handelsbrev frå 12. februar 1887. Kristen Fløgstad var gift med Ingeborg Hølland, som var fødd i 1862. Han hadde tidlegare drive med krøterhandel, storfe og sau, saman med Jakob Andersson Fløgstad, som også gjekk over til landhandel.

I 1888 bygde han på huset ca. 3 m. ut mot bygdevegen. Han tok også av taket og bygde på det i høgda. Slik sto det til 1925. På salen over krambua heldt Sauda Sparebank til frå starten av banken i 1892 til 1909. Banken betalte 20 kroner året i leige, og her i den «gamle salen» heldt kasserarane i banken til i tida 1892-1910, Enok Løyning, Kristen Fløgstad og Sondof Rabbe.
Den første tida kjøpte Kristen huder, skinn, bork, smør og ost. Ja, ein landhandelsmann måtte på den tid helst kunne ta imot alt som bøndene hadde å selja. Ofte vart det bytehandel. Når han etter kvart hadde fått eit heilt lager av ulike varer, leigde han eit fartøy til å frakta varene til Stavanger.
Kristen Fløgstad døydde 15. mai 1896. Ingeborg dreiv då landhandelen åleine eit par år. Men i 1898 gifte ho seg med Anders Kristian Fløgstad (f. 1855), bror til Kristen, som fekk handelsbrev 2. januar 1899. Firmanamnet vart nå A. K. Fløgstad. Anders Kristian Fløgstad var lærar, frå Kopervik lærarskule, og hadde arbeidd som lærar i Birkeland- og Maldal krins frå 1875 til 1898.
Frå 1904 var A. K. Fløgstad kommisjonær for Aalgaards Uldvarefabriker, seinare De Forenede Uldvarefabriker. Og frå sommaren 1909 byrja han, i samarbeid med apotekar Kahrs, medisinutsal for Ryfylke Apotek på Sand. Då dr. Trumphy kom til Sauda, sytte han for å auka lageret av apotekvarer. På den tid, kring 1920, voks folketalet i Sauda sterkt. Frå 1923 blei det ordna slik at medisin utskrive på resept, også måtte sendast via A. K. Fløgstad. Medisinutsalet tok slutt då det den 21. april 1934 vart opna filialapotek i Sauda. Då hadde ordninga vart i 25 år. Det var trong for store butikklokale og lagerrom. I 1925 vart det bygt eit nytt tilbygg mot gata, og slik kom huset til å stå til 1990.
Anders Kristian Fløgstad døydde 28. september 1933. Ingeborg, som hadde fleire barn i første ekteskapet, sat i uskifta bu, og handelen vart driven som før ved hjelp av Olav Kristian Fløgstad (1900-1988), einaste barnet frå andre ekteskapet. Han hadde handelsbrev frå 20. september 1934. Så døydde Ingeborg i 1938, og buet vart skifta. Frå 20. februar 1939 tok Olav Kristian, O. Kr. Fløgstad, som han skreiv seg, over forretninga åleine. Men firmanamnet, A. K. Fløgstad, vart ikkje endra. O. Kr. Fløgstad førte kolonialvarer, steintøy og kjøkenutstyr. Han avvikla i 1967.
I åra fram til 1989 var det blomsterforretning i det gamle landhandellokalet. Dei første som heldt til der, var gartnarane Henning og Maja Holm, som dreiv gartneri på Vangnes og seinare på Saua. Etter dei tok Gudny Aarebrot over, og til sist Heidi Huse, som berre var der vel eit år før ho flytta blomsterhandelen til Skulegata.

I 1990 tok bokhandlar Kjetil Fløgstad over huset. Han er oldebarn til Kristen og Ingeborg Fløgstad, som starta landhandelen i 1887. «Nordstrand» vart i 1990 bygd saman med nabohuset, bokhandelen.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.