Brugata 10
gnr 28 / bnr 31 |
Byggjeår: 1928 |
Bruk: Fiskehandel, jernvare, blomebutikk, tobakks- og sjokoladebutikk, gåvebutikk, klesbutikk |
Amund Søndenå, som var oppvaksen på Klubben — på det området som fabrikken ligg — hadde i ungdomsåra vore i USA og lagt seg opp noko kapital. Så tidleg som i 1909 kjøpte han opp ein jordteig som strekte seg frå Rådhusgata og nedover mot Nordelva. Det skulle syna seg å vera ei lønsam pengeplassering, for på denne teigen voks det opp ei husrekkje som dominerer gatebiletet på Øyra. Sjølv bygde han to hus, og her skal me omtala den eigedomen som er nemnt i overskrifta.

Det huset som står på denne tomta i dag, er eit kombinert forretnings- og bustadhus som ruver i gatebiletet. Det vart bygt i 1928. Men langt tidlegare — truleg rundt 1910 — sette han opp eit typisk «Ryfylkehus» i to høgder på denne tomta. Alt tidleg byrja Amund Søndenå med fiskehandel, og det er mogeleg at han hadde utsalet i kjellaren. Med tida fann han ut at i industristaden Sauda var det behov for større forretningsareal. Derfor vart det gamle huset rive, og eit nytt og større kombinert forretnings- og bustadhus vart reist i 1928.


Ei stutt tid etter at det nye huset stod ferdig, heldt han fram som fiskehandlar. Men det «budde» samstundes ein bonde i han. I bakgarden hadde han fjøs og låve der han hadde både sauer og ender. På det vide markarealet han hadde bak huset, beita sauene før han sende dei på fjellbeite.
Når det gjeld forretningslokalet i fyrste høgda, er det mange av oss som hugsar saudafilialen som stavangerfirrnaet Rasmussen & Racine hadde i Sauda. Denne filialen heldt fyrst til i Selvig-bygget litt lenger ned i gata til om lag 1930. Eldre saudabuar minnest at det var ein plante- og blomebutikk i huset til Søndenå før jernvarefirmaet flytte inn. Erling Isaksen var disponent for Sauda-filialen, og under seg som ekspeditørar hadde han Karl Nerheim og Trygve Baltzersen, og fleire av oss hugsar også Oskar Larsen. Rasmussen & Racine heldt til i huset fram til 1959 då firmaet flytte inn i nybygget ved sida av, sett opp på ei tomt som også hadde tilhøyrd Amund Søndenå.

Då Søndenå døydde i 1949, vart kona Karen — frå Varhaug på Jæren — sitjande åleine med eigedomen. Då ho døyr i slutten av 60-åra, vart det verdfulle sentrumshuset kjøpt av Marta og Finn Isaksen. Marta, fødd Øverland, var i slekt med Amund Søndenå. Denne var nemleg morbror til Henrik Øverland, far til Marta.
Etter at Rasmussen & Racine flytte inn i det moderne nybygget på nabotomta, vart forretningslokalet i huset til Amund og Karen Søndenå ståande ledig. Dermed kunne dei nye huseigarane, Marta og Finn Isaksen, gjera bruk av lokalet. Dei la ned tobakks- og sjokoladebutikken på nedre Øyra, og firmaet Finn Isaksen & Co. opna verksemda si med stort vareutval i nyopppussa lokale i 1972. Då Finn Isaksen døydde i 1978, var det sonen Inge, saman med mora Marta, som var krumtappen i forretninga. Etter at den sistnemnde måtte trekkja seg attende frå forretningslivet på grunn av sviktande helse, var det Inge som styrde verksemda. Inge heldt fram til 1992, då han avvikla forretninga.
Lokalet vart ståande tomt til 1995. Då tok Helene Haraldsen til med gåvebutikk, som vart overteken av Therese Olsen i 1997. Då ho slutta i august 1999, gjorde Inge Isaksen eit «comeback» i forretningslivet. 1 oktober same året opna han ein klesbutikk som har spesialisert seg i ungdomsklede.
Når det gjeld sjølve huset, gjorde Marta og Finn Isaksen ein del forbetringar både utan- og innandørs. Sett utanfrå er det altanutbygget mot Torget som er mest synleg.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.