Rådhusgata 30
gnr 28 / bnr 101 |
Byggjeår: 1927 |
Bruk: Kafé, gatekjøken, kolonial, manufaktur, tekstilforretning, slaktarforretning, blomsterbutikk, skobutikk |
Denne forretningseigedomen ved Rådhusplassen, som i dag vert omtalt som «Torgheim», har i matrikkelen namnet «Øvrabu». Det var saudahuen Knut Teig som kjøpte byggjegrunnen som tilhøyrde gardsbruket til Daniel Fløgstad som låg i nærleiken. Då huset stod ferdig i 1927, var det tolv år for det kommunale rådhuset vart bygt. Da var namnet på den vide, opne plassen Torget.

Derfor høvde det framifrå at kaféen, som heldt til i andre høgda, fekk namnet «Torgheim». Den personen som tok til med kaféverksemda og fann på namnet, var Dina Kjellevold. Ho dreiv kaféen til 1936 då ho byrja med kafédrift i eige hus, i bygget Fagerborg som også ligg ved Rådhusplassen. Heilt frå byrjinga av var «Torgheim» ein populær kafé, ein plass der mange møttest, ikkje berre for å drikka kaffe og fortæra velsmakande mat. I tillegg imøtekom kafélokalet eit sosialt behov. Her møtte ein vener og kjente, snakka saman og drøfta spørsmål son var aktuelle i tida.
Huseigaren sjølv, Knut Teig, overtok kaféverksamde i huset etter fru Kjellevold, og «Torgheim» heldt fram med å vera ein populær møtestad for saudabuar. Men så kom krigen. Då vart det skort på varer, og under slike vilkår var det vanskeleg å driva kafé. Han valde derfor å nedleggja kafédrifta, og innleidde samtalar med Ida Sten Andersen som hadde eit gardsbruk på Brekke. Resultatet vart at Teig overtok garden, og Ida Andersen vart eigar av den sentrale forretningseigedomen og den populære kaféen «Torgheim». Dette skjedde i 1944, men på grunn av krigen, då kafelokalet vart rekvirert som husvære, vart ikkje «Torgheim» opna att før 1. mai 1946. Ida Andersen makta å vedlikehalda det gode omdømet kaféen hadde fått gjennom mange år, og «Torgheim» vart i dei åra ho styrde verksemda, kjent for den velsmakande maten. Ho stod i brodden for kafédrifta til ho døydde i 1960. Deretter overtok dottera, Solveig Engebretsen, kaféen, som ho dreiv saman med mannen, Rolf, til 1977. Ho avvikla verksemda her, drog til Oslo og seinare til Ringerike, der ho kjøpte og dreiv Sundøya Fjordrestaurant. Men det er verdt å understreka at ho ikkje selde eigedomen i Sauda. I staden kom ho til å leiga bort kafelokalet i andre høgda og forretningslokala i fyrste.
Etter at Solveig Engebretsen flytte frå bygda, vart kafelokalet leigt av Gunnleiv Solland og Leif Harald Gauthun. Dei heldt på til 1985 då Oddvar Svantesen overtok. Han endra kafénamnet til det eksotiske Mad Max! Han leigde lokalet til 1990. I 1991 gjekk Sauda kommune inn som leigetakar då kulturetaten sette seg føre å bruka andre høgda som alkoholfri ungdomskafé. Det er Gunnar Solvang som har tilsyn med verksemda, og så langt må ein seia at tiltaket har vore vellukka.

Til dessar har me omtalt verksemda i andre høgda, men også fyrste høgda har si soge. Her var tidlegare to forretningslokale, det eine vender mot Rådhusgata. Det andre. som nå er borte, låg mot Rådhusplassen. For å ta til med det fyrstnemnde kan me nemna at Henrik Lillehammer — seinare kommunekasserar — dreiv kolonialforretning her. Om han var den fyrste som leigde lokalet, veit me ikkje sikkert. Etter han heldt kjøpmann Alf Selvig til her ei stutt tid før han flytte manufakturforretninga ned til Brugata. Alt før krigen flytte manufakturforretninga E. Jacobsen inn i lokalet. Etter at mannen døydde, dreiv kona, Aagot, forretninga vidare i mange år til om lag midt på 1980-talet. Etter at ho slutta, heldt firmaet Gardin & Tekstil til her ei stutt tid. Så vart lokalet omgjort til gatekjøken som hadde ulike leigetakarar, me nemner Hans Birkenes og Oddvar Svantesen. I dei seinare åra (90-talet) er det Sauda Turistsenter, med Nils Kristen Herheim som dagleg leiar, som har vore leigetakar. Verksemda omfattar nå både gatekjøken og kafé, og dessutan er firmaet kommisjonær for Norsk Tipping.
Når det gjeld det andre lokalet mot Rådhusplassen, har det vore utsal for tre slaktarfirma. Den fyrste slaktaren som heldt til her, var Johannes Våge, han som seinare dreiv varetransport med hest og kjerre frå kaien og rundt om til forretningane. Midt på 1930-talet hadde slaktar Mehlberg utsal av kjøtvarer her. Eit par år før krigen er det slaktar Gabriel Sagland som har lokalet. Etter krigen har lokalet vore brukt til blome- og plantebutikk. Vidare dreiv ein med namnet Gjøvåg skotøyforretning i det same lokalet.
Etter at Ida Andersen overtok eigedomen, har det vore gjort ein del endringar på huset, mest innandørs, men også noko pa fasaden. Sett frå Rådhusgata er det mest synlege at altanen ut mot gata vart innebygd. Elles brukte Ida Andersen eit par rom i andre høgda som bustadrom. Solveig og Rolf Engebretsen moderniserte og utvida kjøkenet og innreidde bustad i tredje høgda. Den bratte troppeoppgangen mellom dei to forretningslokala vart flytt inn i lokalet mot Rådhusgata. Her vart det også plass til garderobe. Dermed vart forretningslokalet mot Rådhusgata større, medan det andre vart borte.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.