Rådhuset

Rådhusgata 32

gnr 28 / bnr 40
Byggjeår: 1939
Bruk: Rådhus, kino
Arkitekt: Gustav Helland
Rådhusplassen 17. mai 1929. Hans Hylen taler ved inngangen til Provianteringshuset som fungerte som rådhus. Foto: Ryfylkemuseet/Digitaltmuseum.

Den første byggekomitéen vart oppnemnd i 1928. I 1931 vart grunnmuren ferdig. Men meir vart det ikkje gjort. Det var krisetid. Kommuneøkonomien var svak. I 1936 vart det sett ned ein ny komité med I. Ellefsrød som formann. Det er arkitekt Gustav Helland, Stavanger, som har teikna Rådhuset. Han var utdanna i Tyskland, hadde hatt praksis både der og i England før han slo seg ned i Stavanger og vart den leiande arkitekten i heimbyen. Han fekk etter kvart mange oppdrag i Sauda. Ein stor del av teikningane til husa i Åbøbyen er laga av Helland og medarbeidarane hans. Det gjeld også sjukehuset og Sauda Klubb. Grunnarbeidet starta i oktober 1937. Grunnmuren frå 1931 måtte utvidast. Frå våren 1938 vart det arbeidd på bygget kvar dag, så å seia. På tomta rett framfor grunnmuren til Rådhuset sto det såkalla Provianteringshuset, eit lagerbygg som det kommunale provianteringsrådet hadde sett opp i samband med matnauda under og like etter første verdskrigen. Det sto opphavleg nær kaien, men vart seinare flytta opp på «Kommuneløkkja», eller Torget, som staden seinare vart kalla. Det vart delvis nytta som rådhus og delvis som skulehus til 1926 og vart rive hausten 1939.

Foto: Mittet / Nasjonalbiblioteket.
Hovudfasaden til Sauda Rådhus – teikna av arkitekt Gustav Helland

Rådhuset vart innvigd 6. januar 1940. Tre hundre innbedne gjester var med på feiringa. Dei fekk vita at huset hadde kosta 367 000 kroner, og at innreiinga ville auka dei totale utgiftene til ca 500 000. Etter overleveringa var det høve til synfaring, til heradsstyresalen først og fremst, men også til nokre av dei 25 kontora – og til slutt til kinosalen, der det var gratis filmframsyning. Dei fekk sjå filmen «Sweetheart». Bladet Ryfylke sin medarbeidar var ikkje nøgd med filmen, som ikkje stetta dei krav ein måtte setja til ei «opningsframsyning». Då hadde det vore betre om dei hadde fått sett «Gjest Bårdsen»- filmen, meinte han. Men publikum fekk i alle høve inntrykk av at det tekniske utstyret var førsteklasses, og redaktør Oftedal, som var formann i kinostyret i Stavanger, sa at Sauda nå kunne «rosa seg av å ha eit av landets vakraste og mest moderne kinolokale».

Kinoen har eit flott, bølgjande tak med skjult belysning.

I 1990 vart filmsalen oppussa, og talet på sitjeplassar redusert frå 350 til 200. Det vart også laga ein scene der mindre grupper kan opptre. Salen og scenen vil då også vera høveleg ved paneldebatter t.d. Det er lagt vekt på å bevara interiøret som vekte slik begeistring i 1940. I seinare tid er det herre kommuneadministrasjonen som har halde til i Rådhuset. Fleire etatar, som ikkje er kommunale, er flytta ut. Det gjeld politiet, kyrkja, likningskontoret og folkeregisteret. Arkitekten hadde også med plass for bibliotek og lesesal i teikninga si, og husvære for vaktmeisteren. Folkeboksamlinga heldt då også til i Rådhuset i mange år, og der var Ingvald Håheim lenge ein gild og hjelpsam styrar.

Rådhusplassen vart ikkje opparbeidd etter Helland sin plan. Nå (1999) er plassen vald til «tusenårsstad».

Kjelde: Tre gater på Øyra


Artikkel om Sauda Rådhus

Karen Sofie Tangstad har skrive ein artikkel om rådhuset stod på trykk i årsskriftet 2007. Les artikkelen her.


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.