Rådhusgata 21
gnr 28 / bnr 34 |
Byggjeår: 1986-1987 |
Bruk: Bank, kontor |

Utover i 1960-70-åra vart det meir og meir merkbart at dei gamle banklokala i Fagerlund (Kaadahuset) ikkje lenger kunne tilfredsstilla alle dei krava ein måtte stilla til ei moderne bankverksemd. I juni 1973 vedtok bankstyret å kjøpa «Midtbø» gnr.28, bnr. 71, Hilda Larsen sin eigedom i Rådhusgata. Og i september 1983 kjøpte banken naboeigedomen «Austbø», gnr. 28, bnr. 34, av Cecilie Øverland. Det var der skomakarane Martin og Tore Øverland hadde halde til.
Ved å kjøpa eigedomane fekk banken ei byggjeflate på 1500 kvm. Arbeidet byrja i mars 1986. Øyvind Opedal ved «Spama» (Sparebankmateriell) var hovudarkitekt. Ingeniør Audun Tenden var byggjeleiar. Den nye bankbygningen var klar til innflytting i juni 1987. Sauda Sparebank kunne såleis i 1992 feira hundreårsjubileum i ny, stor bygning og tidsmessige lokale. I samband med jubileet vart skulpturen «Skuleborn», laga av Svein
Tore Kleppan, avduka på Bankplassen. Skulpturen er ei gåve til kommunen frå Sauda Sparebank, til minne om at gamle Fløgstad skule sto der banken nå rår grunnen. Banksjef Tollef Grindheim slutta i stillinga i 1995. Sidan har Sivert Sørnes vore banksjef.

Sparebanken hadde gjort ei avtale med apotekar Kari Rødseth om at apoteket skulle leiga 200 kvm. i første etasje og 50 kvm. i kjellaren. Sauda Apotek flytta også inn i juni 1987. Apotekar Kari Rødseth pensjonerte seg i februar 1988. Jon Harald Haug har sidan vore apotekar.

Sauda Sparebank hadde fleire lokale til utleige, men desse sto tome nokre år. I 1993 flytta Sauda likningskontor inn i bankbygningen, og i september 1994 flytta også arbeidskontoret og distriktarbeidssjef Bjarne Aarthun til bygningen.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.