Brugata 17
gnr 28 / bnr 22 og 76 |
Byggjeår: 1920 |
Bruk: Frisør, musikkhandel, hattebutikk, biljardsalong, dame- og barnekonfeksjon, broderi- og garnforretning, kolonial |

Søren Peter Nørgaard var fødd i Danmark i 1883. Han var bondeson frå landsbygda i Ålborg-distriktet, men utdanna seg til skreddar i København og Oslo, der han arbeidde nokre år. I 1911 opna han skreddarforretning i Askim. Der var han i fem år. I 1916 flytta han til Sauda. Saman med Jørgen Lundtveit starta han skreddar- og herreekviperingsforretning. Dei heldt til i Birkelund. Men alt i 1919 kjøpte han tomt av Anders Garstad og søkte om å få bygga eit murhus med «granittsten» i første etasje i fasaden mot gata og mansardtak over 3. etasje. Huset vart bygt i 1920. Eigedomen fekk namnet «Stenvang». I første etasje innreidde han to butikklokale, eit større og eit mindre. Sjølv flytta han inn i 2. etasje med familien. Skreddar- og herreekviperingsforretninga heldt til i det eine rommet i første etasje, der var det også skreddarverkstad. Kona Birthe Margit. f. Eriksen, var frå Oslo. To av brørne hennar, Olav og Harald, gjekk i lære hjå Nørgaard. Harald Eriksen vart seinare kalla «Harald Skreddar», sjølv om han vart fabrikkarbeidar. Olav Løken, gift med søster til Birthe Margit, arbeidde også der i fleire år. Elles hadde han som regel ein eller fleire læregutar i arbeid, Nørgaard og læresveinane hans utførte alt arbeid i dame- og herrekonfeksjon.


Nørgaard var ivrig turnar, og deltok også etter at han var blitt eldre. Interessa for sporten gjekk i arv til borna Alf, Inger og Gerd, som alle gjorde ein innsats for turnsporten i Sauda. Alf dreiv det så langt at han vart noregsmeister i turn i 1948. Søren Peter døydde i 1955. Han arbeidde i skreddarverkstaden like til det siste.

Kven som var i det minste lokalet dei første åra, har ein ikkje opplysningar om. I 1927 tok søstrene Dagny- og Josefine (Jossi) Solland lokalet i bruk og var der i seks år. Dei førte stoff, serleg kjolestoff og undertøy. Josefine var sers flink i handarbeid. Ho hadde systove i bakrommet. Dei var begge ugifte på den tid og budde på hybel hjå Nørgaard, Forretninga vart avvikla i 1933. Dagny gifta seg med Ole Flokketveit og vart verande i Sauda. Josefine reiste til Rennesøy og seinare Stavanger, Neste leigetakar var Gustav Håland, som var der ei kort tid. Kva han nytta lokalet til, har det ikkje vore råd å få greie på. Men 15. november flytta bakar Ole Oftedal bakeriutsalet til «Stenvang». Han hadde tidlegare halde til i «Elvehøy». Det var nok planen å innreie bakeri i kjellaren. Nørgaard sender søknad om det til bygningskommisjonen i mai 1934. Det skulle vera eit «elektrisk» bakeri. Men det vart avslag. Oftedal hadde utsalet der til 1937. Då byrja han som bakar i Forbrukslaget.
Omtrent samstundes med Oftedal flytta frisør Maggi Hansen inn i 2. etasje i Nørgaard-huset. Ho kom også frå «Elvehøy«. Det var ein stor salong, og sjølv hadde ho husvære i same etasjen. Etter at Maggi Hansen var flytta frå Sauda, styrte Helga Opsal salongen ei tid. Den vart då seld til ei dame i Sandnes, Dagny Bore. Signe Vestbø arbeidde der då, likeins Kjellaug Botnen, som var der i 1950-51.
I midten av 1930-åra heldt også Erik Gustav Nilsson og kona Beda Kristina til i Nørgaard-huset. Mannen dreiv musikkhandel og selde også klokker. Kona hadde hattebutikk. Handelen var eit attåtyrke for Nilsson. Han arbeidde elles på smelteverket. Ei tid var det også biljardsalong i 2. etasje. «Billig og interessant underholdning«, står det i ein annonse frå 1933. Ja, det var nok eit visst behov for tidsfordriv på den tid. Det var stor arbeidsløyse i Sauda.
I 1952 flytta Walla Henriksen inn i 1. etasje med dame- og barnekonfeksjon. Dei to butikklokala var då slått saman til ein. Walla var der til 1971 då ho kjøpte forretningsbygget til Jhs. Rasmussen & Racine. Frå 1971 til 1989 heldt «Elry» – broderi- og garnforretninga til Ellinor Pedersen – til der.
Alf Nørgaard og søstera Inger, gift Ness, arva forretningsbygget etter at faren var død. Seinare vart eigedomen overtatt av Inger si dotter, Grete Haavind Birkeland, som selde «Stenvang», til Ordin Skorpe i 1989.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.