Brugata 17
gnr 28 / bnr 88 |
Byggjeår: 1926-28 |
Bruk: Kafé, snopebutikk, kolonial, jernvare, klesforretning, frisør, kontor, skreddar, skomakar |

Dette huset vart flytta frå Saudasjøen ein gong i 1920-åra, truleg i 1926. Det var eit av dei husa dr. Sandved hadde sett opp på Saua kort etter hundreårskiftet og var opphaveleg kome fra Vigsnes på Karmøy. Det var Bernhard Aarthun og Daniel Fiveland som førte det opp att på Øyra. Byggmeister var Olav Selvig. Bernhard Aarthun døydde i 1930, og huset vart då selt til Torstein Aarthun. Det hadde då vore kafé i 2. etasje nokre år. Det var Nora Sandanger fra Fister, gift Kvernstrøm, og søster hennar, Borghild Sandanger, gift Fiveland, som dreiv «Sentralkaféen» saman med Eli Marvik, gift Gauthun. Dei hadde først halde til i Torgheim, men flytta til «Trudvang» då huseigaren, Knut Teig, ønskte å nytta lokalet sjølv. Bergit Årthun, f. Solbrekk, 1908, arbeidde i kaféen. Ho gifte seg seinare med Jon Årthun, son til Bernhard som åtte «Trudvang». Bergit fortel at det ofte var travle dagar på Sentralkaféen. Det var mange anleggsarbeidarar i bygda på den tid, og det var ikkje alle som gjekk stille i dørene. Ein spesiell gjest i huset var «Glade Grei». Han vaska kleda sine i kjellaren. og om natta sov han gjerne på golvet i gangen og var nøgd med det, der han lag og snakka med seg sjølv og tralla og song.
I første etasje var det to butikklokale. I det eine hadde Julius Rydningen «snopbutikk». Det andre var det Reidar Carr som disponerte.

Torstein Aarthun, f. 1909, hadde starta forretningsverksemd i 1932 eller truleg litt for. Han byrja nemleg i det små med grønnsaker. Den første tida helt han til i huset til Amund Søndena i Brugata. Men etter ei tid flytta han forretninga til »Vonheim», også i Brugata, huset til Hans Sand. Han utvida då samstundes verksemda til å omfatta kolonialvarer. I 1935 flytta han butikken til sitt eige hus, og då tok han også til å selja steintøy. I 1937 bygde han noko på huset. Det var framleis to forretningslokale. Då Julius Rydningen slutta av nokre år før krigen, vart det kafédrift i den delen av huset. Kaféen «Promenaden» vart driven av Tjerand- og Ragnhild Gjerde, og dei heldt det gåande fram til våren 1945. Då overtok Torstein Aarthun sjølv heile første etasje og heldt fram med kolonialhandel til han døydde i 1972. Avdelinga for steintøy hadde han da avvikla nokre år tidlegare.
I januar 1973 kjøpte Per Austerheim varelageret og dreiv forretninga vidare som før under namnet «Per i Sentrum». Han heldt det gåande til 1983. Då overtok Betty Thomassen og Maryon Steinstø, «BeMa», kolonialhandelen, men slutta etter to år. Frå 1985 vart det så drive jernvarehandel. Det var først HS-Maskin som dreiv «Jernvaren», sist i perioden var det Meling Bygg.
Etter ei ominnreiing av butikklokalet hadde Sauda Næringsutvikling frå 1989 til 1997 sine kontor i huset, og frå 1997 til 1999 – Sauda Industriutvikling. I det aller siste, 1. oktober 1999, har Turid Larsen og Berit Legård opna ei forretning der dei sel barnetøy. I eit anna lokale var det frisørsalong. I tida 1989-1996 hadde Linda Dolmen sin salong «Clippsu Design A/S» der. Etter henne har Gro Ringhagen drive frisørsalongen «Saxoføhn» i dette lokalet.
I andre etasje hadde skreddarane Emil- og Susanne Rødsås sin skreddarverkstad frå slutten av 1920-åra og fram til han døydde i 1959. Emil Rødsås, f. 1883, var fra Rena i Østerdalen, Susanne f. Rasmussen, 1883, var frå Bergen. Dei flytta til Sauda i 1915 i den første anleggstida. Men då hadde Emil Rødsås alt vore fleire turar ute i verda. Den første opplæringa fekk han i heimbygda. Læretida hadde han gjort unna då han var 20 år. Men så reiste han til København for å lære tilskjæring og kom til å arbeida 3 år i «Kongens by». Etter det fekk han eit stipend og reiste til München, der han var i 6 år. Han hadde også arbeidd ei tid i London. Sjølv om han ofte reiste seinare i livet også, vart Sauda og «Trudvang» hans faste base. Etter at mannen var død, heldt Susanne Rødsås fram med arbeidet til ut i 1960-åra. Ho døydde i 1972.
I eit mindre hus i bakgarden, som Torstein Aarthun også åtte, budde skomakar Olav Lindanger i mange år og hadde sin skomakarverkstad i det same huset. Dette huset er nå rive.
Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra
Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.