«Hestamøte» på Sauda vidaregåande skule 25. april 2017

Saudahesten i sogelaget

Tysdag rettar Sauda sogelag det lokalhistoriske lyset mot arbeidshesten i lokalsamfunnet vårt. Sogelaget inviterer til «hestamøte» i kantina på Sauda vidaregåande skule. Sjølv om ingen hestar slepp inn, kjem fleire av dei som har arbeidd saman med hestar i skog og mark, i arbeid og fritid i ei tid før alt det støyande, motordrivne pressa den trufaste firbeinte arbeidskameraten til sides.

Arbeidslivet ropar ikkje lenger etter levande  hestekrefter, men heldigvis finst her framleis folk som hegnar om hestetradisjonen i Sauda. Ei ny tid har gitt både «hestafolket» og hestane nye oppgåver. Dei har mangt å fortelje, vil det heilt sikkert vise seg. Og så har dei lova å vise fram både bilete og hesteutstyr.

Lars Olav Fatland har lova å halde i taumane denne kvelden. Han har sjølv erfaring med hest og veit godt når både hest og møtelyd treng kvile og sogelagsmat. Og nei, det blir ikkje servert havre, men rekn med at «Fola, fola Blakken» står på den eine sida av songarket.

Ver velkomne

Roar Lund

 

Selvig og Vetti i sogelaget

Lagsmøte tysdag 19.april 2016 kl 19.00 på Eldresenteret.

13006745_1178765555468401_6205882152617991167_n

Selvig selde klede frå forretninga i Skulegata frå 1939 til 2015. Same året flytta Vetti og hans mangfaldige butikk inn forretningslokala i Rådhusgata. Familien Vetti selde skoty, manufakturvarer og kolonial fram til nye eigarar overtok i 1976.

Tysdag høyrde me historia til dei to «handelshusa» Vetti og Selvig i Sauda. Brørne Steinar og Alf Selvig kan familie- og forretningshistoria frå då bestefaren, Alf Selvig, kom frå Stavanger og starta firmaet i 1933.

Om historia til sogningane, brørne Vetti og deira forretningsdrift, kunne Sigmund Andersen fortelja litt av kvart. Han har slektsband til familien Vetti. Liv Øygard fortalde om korleis det var å jobbe i ein butikk som selde alt frå knappar via treskor til gaudaost. Ho stod bak disken frå 1951 til 1953 og hugsar det som ei kjekk og travel tid hos «utruleg snille folk».

Sauda sogelag 1980

Utdrag frå det første årsskriftet:

Det var den kommunale kulturminnenemnda som tok initiativet til å skipa eit kulturhistorisk lag i Sauda. Det vart halde eit ope møte våren 1978. På dette møtet vart Aslaug Astad, Arnulv Honerød og Lars Viland oppmoda om å arbeida vidare med saka. Skipingsmøtet vart halde i Saudasjøen kapell 31. januar 1979. På møtet vart Lars Viland vald til formann, og det vart elles valt følgjande styre: Aslaug Astad, Kolfinn Fløgstad, Astrid Fløgstad Knutsen, Bjørg Oftedal og Ingvald Paulsen. Bergljot Waage-Pettersen vart vald til første vara kvinne og Audun Aabø til andre varamann. På det første ordinære styremøtet vart Ingvald Paulsen vald til vara-formann, Bjørg Oftedal til kasserar og Aslaug Astad til sekretær. Styret sette fram forslag om at laget den første tida skulle konsentrera seg om tre hovudoppgåver, innsamling av stad-namn, innsamling av folkeminne og livsminne og registrering, og eventuelt innsamling av gamle bilete. Innsamlinga av stadnamn var kome langt før sogelaget vart skipa, og ein kan vel nå seia at arbeidet på det næraste er fullført. Sauda Fotoklubb hadde på si side kome godt i gong med registrering og avfotografering av gamle bilete. Sauda Fotoklubb og Sauda Sogelag samarbeidar nå om dette prosjektet, og biletheftet «Glimt frå gamle Sauda II» er det første synlege resultat av dette samarbeidet. Tidlegare er det samla inn ikkje så lite folkeminne frå Sauda. Når det gjeld livsminne derimot, er det gjort heller lite, og her har då sogelaget ei viktig oppgåve i dei næraste åra.

I vedtektene til sogelaget heiter det mellom anna at laget skal arbeida for å verna materielle kulturverde og kulturmerke i Sauda. Alt på skipingsmøtet for laget vart Åbøbyen nemnd som eit prosjekt sogelaget burde interessera seg for. Middelalderkyrkjegarden i Saudasjøen vart også tidleg tatt opp på møtene. Sauda Sogelag sende eit skriv til formannskapet, der ein peika på at kommunen burde forhandla med eigarane om overtaking av heile kyrkjehaugen og opparbeida området på ein måte som ville gi kyrkjegarden ei verdig råme. I den korte tida sogelaget har vore til, er det kome inn til laget mange forslag om vern av materielle kulturminne. I det siste er plasset Nedbøen omtala i bladet «Ryfylke» med oppmoding til sogelaget og kulturminnenemnda om å berga husa på plasset. Sauda Sogelag set stor pris på at folk ringjer eller skriv til laget om ting det er verdt å ta vare på. Men det er også viktig at det vert skrive om det i pressa, som det vart gjort når det galdt Nedbøen, slik at dei som styrer bygda vår, får påminning om at vernetanken er utbreidd også utafor sogelaget. Sauda Sogelag vil koma med forslag, og i visse høve kanskje gjera ein innsats ved dugnad. Men når det gjeld flytting eller restaurering av gamle hus, er det først og fremst tale om pengar. Nå kan ein nok få stønad frå kjelder utafor bygda, men det er kommunestyret ein i første rekkje må setja lit til. 1 1970 åra lukkast det å sikra Tveit-tunet og Fagerheims-samlinga for bygda. Det er grunn til ein viss optimisme også når det gjeld åttiåra. Vernetanken står sterkare i dag enn tidlegare, og det er von om at det vil visa att, også når det er tale om kommunal prioritering.