Busstur gjennom saudasoga

Sauda sogelag innleier haustsesongen laurdag 1. september med å invitere sogelaget i Suldal til ein «historierundtur» i Sauda. Også medlemmane i Sauda sogelag får plass i bussen, berre dei melder seg på i tide, det vil seie komande fredag.

Naturleg nok startar vi når suldølane kjem til kaien klokka elleve denne laurdagen. Så går ferda via Brekke med oversyn over Åbøbyen, til Allmannajuvet, Stasjon lll i Søndenåhavn, Åbøbyen og Folkets Hus før ho ender på Sauda Fjord Hotel. Der har vi utsikt til området der Nordag ein gong låg – og til eit middagsbord på hotellet. Sauda sogelag stiller med godt kompetente guidar med grundig kunnskap om alle stoppestadane.

Sauda sogelag har tidlegare hatt besøk frå sogelaga i Etne, i Ølen og i Odda. I år ønskjer vi våre næraste naboar i Suldal velkomne til ein busstur gjennom saudasoga.

Roar Lund


 

 Eg er medlem i sogelaget, og vil vera med på tur

← Tilbake

Takk for svaret ditt. ✨

 

Har du liggjande eit ekstra eksemplar av årsskriftet frå 2001?

Kan de hjelpe oss med å skaffe eit eksemplar av Årsskrift for Sauda sogelag for 2001. Sogelaget har berre eitt eksemplar på lager.

Vi har nemleg fått ein e-post frå Visnes Gruvemuseum.

Teksten kan de lese her:

Eg arbeidar for Visnes Gruvemuseum. 
Eg lurer på om det er mulig å få kjøpe Sauda Sogelag sitt årsskrift frå 2001. Der står det skrive om Charles Defrance sin villa som vart sanatorium i Sauda. Museet vil gjerne ha så mykje informasjon som mogleg tilgjengelig for besøkande.
Håpar på positivt svar.
Beste helsing
Gro De-Martine

Ta kontakt med Roar Lund, telefon 950 32 183 viss de kan hjelpe oss.

Oppdatering: Me har nå fått tak i eit eksemplar!

Bli med sogelaget til Bakka på måndag!

Måndag går sogelaget sin vårtur til Bakka – i sommarvêr, skal vi tru vêrmeldinga. Då vil Egil Bakka og Rønnaug Foss Alsvik ta imot medlemane i Sauda sogelag på tunet. Han vaks opp på garden frå 1943 og like til han reiste til Bergen for å studere om lag tjue år seinare. No er det niesa Rønnaug som eig garden. Ho driftar ikkje garden på Bakka, men har gard i Strand kommune. Om sommaren har ho sauane sine på Bakka. Mange kjenner Rønnaug som visesongar, og ho har lova å ta ein trall eller to for dei som tek turen opp svingane inst på Espeland og fram til Bakkagarden. Så let ho onkelen, Egil, som no bur i Trondheim, ta føre seg sjølve gardshistoria. Han vil fortelje om korleis livet på garden var på 1950-talet, då sauehaldet gav familien det økonomiske grunnlaget.

Og som mange gardbrukarar fekk erfare på den tida; sauar, nokre kyr og litt vedhogst gav ikkje dei inntektene som familien trong. Dermed blei bonden på Bakka ein av dei mange sauebøndene i Sauda som kombinerte sauehaldet med jobb på smelteverket. Den historia kjenner Egil Bakka, og den vil han dele med medlemene i Sauda sogelag.

Som vanleg har vore på vårmøta til sogelaget, må dei som kjem ha med mat og drikke sjølve, og helst ein liten campingstol. Det uvanlege er at det ikkje er planlagt allsong denne ettermiddagen. Songen står «gardkjerringa» på Bakka, Rønnaug Foss Alsvik for. Ver velkomne måndag ettermiddag.

Brødrene Selvik i sogelaget

Tysdag 24. april kjem Nikolai Selvik i sogelaget for å fortelje om bedrifta han og broren Olav starta i 1967. Det heile  begynte med at saudabuen Njell Lofthus vart kalla til misjonær i Afrika. Den gravemaskinen han eigde, kunne han nett ikkje ta med seg på misjonsmarkene. Han måtte selje Brøyten sin før han fór av garde. Nikolai og Olav fekk ein moglegheit dei ikkje sa nei til. Brørne sleit nok ikkje lenge med å finne namn på føretaket – det måtte bli Brødrene Selvik.

Og resten er historie, heiter det gjerne. Og det er den historia Nikolai Selvik vil fortelje: Om dristig satsing, hardt arbeid, opp- og nedturar og stadig slit for å halde hovudet over vatnet dei ti første åra, seinare for å sikre ein stadig større arbeidsstokk sikkert arbeid året gjennom.

Nikolai Selvik kan bedriftshistoria si. Han var sjølv dagleg leiar i 25 år. No gler han seg over at bedrifta han var med å starte for femtiein år sidan har 43 tilsette – fem av dei er barn og barnebarn til Brødrene Selvik. Det gror i grøftene etter den første Brøyten.

Så det kan vere mykje å synge for på sogelagsmøtet på tysdag. Med litt sogelagsmat attåt. Ver velkomne.

Roar Lund

Kulturvern i sogelaget

Tysdag vitjar Roy Høibo Sauda sogelag. Det er han som har skrive framlegget til kulturminneplan for Sauda, «Kraftkultur og kulturkraft». På oppdrag frå kommunen har han levert eit fagleg innspel til kommunestyret, som seinare skal behandle og vedta den nye kommuneplanen.

Roy vil fortelje kvifor han meiner det er viktig å ta vare på kulturminne. Sauda er kulturhistorisk ein særs interessant kommune, på mange måtar unik, seier han, og legg til at kultur og kulturminne legg verdiar til staden. Difor er forvaltning av kulturminna i Sauda så viktig.

Så vil Roy fortelje korleis han har jobba med planen, og kva han synest det er viktigast å verne for oss som bur i kommunen, og, ikkje minst, dei som kjem etter oss. Han er naturlegvis open for både spørsmål og kommentarar.

Og tru om ikkje sogelagsmaten snart er eit kulturminne vel verd å verne, saman med den obligatoriske allsongen? Ver velkomne til eit viktig kulturminnemøte i sogelaget.

Roar  Lund


På eldresenteret (Høllandstunet), tysdag 20. mars kl 19:00.