Bli med sogelaget til Bakka på måndag!

Måndag går sogelaget sin vårtur til Bakka – i sommarvêr, skal vi tru vêrmeldinga. Då vil Egil Bakka og Rønnaug Foss Alsvik ta imot medlemane i Sauda sogelag på tunet. Han vaks opp på garden frå 1943 og like til han reiste til Bergen for å studere om lag tjue år seinare. No er det niesa Rønnaug som eig garden. Ho driftar ikkje garden på Bakka, men har gard i Strand kommune. Om sommaren har ho sauane sine på Bakka. Mange kjenner Rønnaug som visesongar, og ho har lova å ta ein trall eller to for dei som tek turen opp svingane inst på Espeland og fram til Bakkagarden. Så let ho onkelen, Egil, som no bur i Trondheim, ta føre seg sjølve gardshistoria. Han vil fortelje om korleis livet på garden var på 1950-talet, då sauehaldet gav familien det økonomiske grunnlaget.

Og som mange gardbrukarar fekk erfare på den tida; sauar, nokre kyr og litt vedhogst gav ikkje dei inntektene som familien trong. Dermed blei bonden på Bakka ein av dei mange sauebøndene i Sauda som kombinerte sauehaldet med jobb på smelteverket. Den historia kjenner Egil Bakka, og den vil han dele med medlemene i Sauda sogelag.

Som vanleg har vore på vårmøta til sogelaget, må dei som kjem ha med mat og drikke sjølve, og helst ein liten campingstol. Det uvanlege er at det ikkje er planlagt allsong denne ettermiddagen. Songen står «gardkjerringa» på Bakka, Rønnaug Foss Alsvik for. Ver velkomne måndag ettermiddag.