Fjordbåtane

Tysdag vitjar Jone Laugaland sogelaget med historia om fjordabåtane som ein gong sigla på Ryfylke-fjordane. Han veit det som er verd å vete om Fjordsol og om Fjordbris og dei andre fjordbussane som ein gong for ikkje veldig lenge sidan frakta folk og last på reis til byen eller mellom mest alle småkaiane i Ryfylke. Det var før hydrofoilen spruta til byen med vengjer i jetfart.

Laugaland vaks opp i Hjelmeland på 1950-talet, og då guten blei gamal nok, fekk han sommarjobb på båtane. Etter enda utdanning var han Aftenbladet sin journalist i Sauda frå 1978 til 1980. Som pensjonist bloggar han om gamle båtar. Og når ein så i tillegg kan opplyse at fjordabåtentusiasten har historie i fagkrinsen sin, forstår ein at her kan det bli mykje interessant å høyre.

Det blir som vanleg sogelagsmat å få i pausen. Og det skulle undre meg mykje om ikkje det også blei tid til litt allsong – kanskje ei sjømannsvise?

Når Jone Laugaland er ferdig med sitt, er det skriftstyraren som skal i elden. Han vil presentere Sauda sogelag sitt årsskrift for 2018, som dermed er klart for sal. Ver velkomne.

– Roar Lund


Dato: Tysdag 20. november
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret (Høllandstunet)