Tysdag vitjar Jarl Wåge sogelaget. Han er ein av dei mange måløyungdomane som kom til Sauda for å gå på Sauda gymnas. Heime i Måløy hadde dei ein privat toårig realskule, men ikkje noko utdanningstilbod etter det. Difor kom ungdomane i flokk og følgje til Sauda for å skaffe seg utdanning. Dei fire første kom i 1962. Då Jarl var elev her, frå 1964 til 1967 var dei 11 med måløydialekt som budde på hyblar hos folk kring i bygda.
Eg vil fortelje om korleis det var å kome til Sauda som ung «innvandrar», kva vi reiste frå og kva vi kom til. Vi blei ikkje fullintegrerte, men vi var mange som budde på hyblar, og vi heldt godt saman.

Russekullet 1967 saman med tilsette ved skulen. Første rekkje f.v.: Hans Ludvik Bjerkli, Jan Olav Tveit, Bernt Stråtveit, Jan Reidar Årthun, Kjell Skeie, Birger Håheim, Ingvar Nørgaard, Odd Wiik, Torgeir Vetti, Ola E. Bø, Jarl Waage. 2. rekkje: Solveig Wiik, Astrid Skeie, Venke Hervik, Anne Marie Holvik, Berit Gismarvik, Torunn Fosstveit, Øygunn Friestad, Sissel Johnsen, Odd Austarheim, Eva Matland, Olaug Karin Mollatveit, Brit Johannesen, Astrid Dahl-Olsen, Geir Haus, Eli Therese Gaard. 3. rekkje: Trygve Torgersen, Nils Gilje, Svein Helgesen, Tor Erlig Sahr, Per Ole Verlo, Kjell Carr, Lars Gramstad, Tor Paulsen, Ingebrigt Botnen, Johan Bernt Steinsnes, Gunnar Kvalheim, Steinar Skagen, Helge Sæther, Sigbjørn Berge. Dei frå Måløy er Anne Marie Holvik, Per Ole Verlo, Helge Sæther, Gunnar Kvalheim og Jarl Wåge.
Etter pausen med drøs og god sogelagsmat held Jarl Wåge fram med forteljarforestillinga si. For nokre år sidan vann han StorySLAM sin store forteljarkonkurranse på Rockefeller i Oslo. I haust har han turnert med førestillinga ”Vandrehistorier ei fleire hundre kilometer lang førestilling”. Den erfarne kåsøren vil dele nokre få av desse kilometrane med oss.
Kanskje blir «Den glade vandrer» ein av songane denne kvelden. Ver velkomne til eit tilbakeblikk på 1960-talets Sauda.
– Roar Lund
Dato: Tysdag 30. oktober
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret (Høllandstunet)