Øystese i sogelaget

Tysdag kjem «gamlepresten» tilbake til Sauda. Arne O. Øystese var prest i Sauda frå 1992 til 2012. Då han kom til bygda, gjekk det ikkje lang tid før «alle» visste kven presten var. Sjølv var han også svært glad i å lære folk å kjenne.

Som prest fekk eg møte menneske ved dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Når ein dessutan er interessert i menneske, så var det framifrå høve til å bli kjend. Åra i Sauda var på denne måten særs verdifulle, seier Øystese.

Øystese er ein aktiv pensjonist no, med både sommarjobb og vinterjobb. Sist sommar vikarierte han i «Høga nord», i Trondenes prosti, og om nokre månader drar han og kona den andre vegen, mot sør. Han skal vere prest i sjømannskyrkja i Arguineguin på Gran Canaria.

Men før det vil altså Arne O. Øystese møte gamle soknebarn og alle andre interesserte i sogelaget. «Tjue år som prest i Sauda» er overskrifta denne tysdagskvelden. Ikkje tilfeldig har han sett «Menneske eg møtte» som undertittel.

Deretter blir det tid for sogelagsmat og kaffidrøs, før skriftstyraren slepp til for å presentere «Årsskrift for Sauda sogelag 2019». Og som vanleg, alt blir ramma inn av frisk allsong.

– Roar Lund


Dato: Tysdag 19. november
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret