Tysdag kjem Ola E. Bø til sogelaget. For mange er han sjølve «Røysta frå Sauda», ein velkjend radiostemme på 1980-talet. Han var også leiar i Noregs Mållag eit par år innimellom. Frå 1991 til han blei pensjonist, var han knytt til Det Norske Teatret som omsetjar, språkrettleiar og dramaturg.
– Frå Sauda, og så blei du ikkje metallurg, men dramaturg?
– Det stemmer det. Eg har hatt språket som arbeidsgjevar gjennom heile mitt yrkesaktive liv, svarar Ola E. Bø på telefon frå Oslo.
Etter at Ola gjekk ut av Sauda gymnas i 1967, gav han seg studia i vald i Bergen. Då hadde han alt med seg ei solid nynorskspråkleg ballast frå heimen. Både mor Marta og far Einar O. var språkmedvitne nynorskfolk, begge med bakgrunn frå folkehøgskular. Og så vaks interessa for nynorsken vidare i Sauda mållag i gymnastida.
Det er altså ikkje overraskande at Ola E. Bø har valt nett «Med språket som arbeidsgjevar» som overskrift denne kvelden. Tysdag får vi høyre meir om kor det vart av Ola E. Bø, og korleis yrkeskarrieren som arbeidskar for nynorsken arta seg.
Og så byr vi som vanleg på sogelagsmat og allsong. Og songtekstane blir på nynorsk – garantert.
– Roar Lund
Dato: Tysdag 22. oktober
Tid: Kl 19:00
Stad: Eldresenteret