Eit nytt turforslag frå Sauda sogelag: Legg den lokale påsketuren til Saudasjøen. Finn fram til krigsminna i Ytrabygda. Dei er det mange av.
8. mai 2017 klipte kultursjefen i Sauda, Åshild Marie Øverland snor på Nesøyra. Slik opna ho løypa som fortel om dei mange krigsminna i Saudasjøen. Det er minna frå då tyske okkupantar satsa så stort på å byggje opp Nordag, ein gigantisk aluminiumsoksydfabrikk på slettene nedanfor Sauda fjordhotell.
Det er sett opp 10 skilt, nokre store med omfattande tekst, andre er berre skilt på stolpar. Dei kan vere litt vanskelegare å finne. Viss du startar ved Russarbrua bak drosjehytta, kan du følgje vegen utover mot Nesøyra, den siste strekninga gjennom ein liten tunnel, då har du også i grove trekk følgd jernbanetraseen frå krigstida. Ved skilt nr fem Nesøyra er det bygd ein gapahuk, og benkar er sett ut. Sjølv i koronatider er det plass nok til at dei som vil ta ein rast her, kan halde avstanden. Elles er det sett opp skilt eller stolpar ved fjordhotellet, nede ved Sjøen, ved kanononstillingar mellom Sjøen og campingplassen, i «fabrikkgata» og ved koplingsstasjonen (den gamle yrkesskulen). På oversida av riksvegen går turen til Risvoll, Fosstveitdammen og Hovland. Naturlegvis treng ein ikkje ta heile turen i eit jafs. Påska er lang, spesielt i år.
Det var Aslaug Astad, Kirsten Hellerdal Fosstveit og Tore Bastlien Dahl som gjennom «Foreininga for krigens kulturminne Sauda» som laga løypa, med økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen i Sauda. Les meir på nettsida her.
Hald avstand, gå ikkje meir enn fem saman. Ha ein god lokalhistorisk påsketur.
– Roar Lund
Her kan du lasta ned brosjyre med kart og omtale av turen.