Turtips: Gå til Brattebakken

Nok eit lokalhistorisk turtips frå Sauda sogelag: Få bestefar og bestemor med opp til Brattebakken. Om bestefar ikkje hoppa der på 1950- og 60-talet, så var heilt sikkert både han og bestemor der for å sjå på når storfuglane sette utfor. Ikkje køyr opp til sletta, men finn ein parkeringsplass rett innafor der skiltet viser veg frå Birkelandsvegen og opp mot bakken. Til bakken brukar de litt under halvtimen på ein fin, men bratt grusveg. Og mindre bratt er ikkje vegen opp mot kulen. Der har de fin utsikt mot bygda vår. Så kan de traske, ikkje meir enn fem, saman innover fine og flatare stiar og skogsvegar.

I Brattebakken kunne det vere 70 gutar med i eit klubbrenn, og til dei store renna møtte opptil 1000 tilskodarar opp til hornmusikk, sportsandakt og spanande konkurransar. Bakken blei innvigd i 1926. Då var bakkerekorden 36 meter. I 1995 hoppa elleveåringen Ole-Christian Enger 70 meter. Det er framleis bakkerekord.

Gutane klare for hopp i Halvdalarteigen i 1958: 59 Helge Hansen, 46 Leif olav birkeland, sture Westin, 58 John Dahl-Olsen, 45 Knut Michaelsen, 37 Lars Hagen, 44 Oddmund Vik, mellom 38 og 39 Jan Lunde, 32 Einar Lunde, mellom 32 og 47 Hans Herbert Kjellsen, 43 Edvin Pape og 47 Øystein Tveit. Biletet er frå Årsskrift for Sauda sogelag 2018 og er utlånt av Øystein Tveit.

På vegen heim kan de stikke bortom Halvdalarteigen, eller Hallandsteigen som dei fleste kalla «gutebakken» i Sauda. Ta av mot Søndenåhaugen og følg første veg mot venstre, og vips så er du på sletta og kan sjå opp til høgre mot unnarennet. Bakken blei brukt fram til 1962. Etter det blei Myrabakken på Teig den nye gutebakken, og no sette også nokre jenter utfor.

De kan lese meir om hoppbakkane i Sauda i Sauda sogelag sitt årsskrift i 2018.

Etter påske trekker vi eit årsskrift (2019) for kvar av dei tre sogelagsturane, i  Åbøbyen, Saudasjøen og Brattebakken. Legg igjen namn på sogelaget si Facebook-side eller kontakt underteikna. God tur – med god avstand.

– Roar Lund