Borghild Gramstad i sogelaget

«Det er lett å lyga når det er langt heim» har Borghild Gramstad sett som overskrift når ho møter i sogelaget komande tysdag. Då skulle ho ha mykje å «lyge om», sidan ho stort set har vore heimanfrå sidan ho gjekk ut av gymnaset i Sauda i 1982.

Det er blitt reine tradisjonen at Sauda sogelag inviterer utflytta saudabuar til oktobermøtet for at vi som er blitt att i bygda, skal få høyre kor dei blei av, dei som ikkje blei verande. Dei som kjenner Borghild, har sikkert lagt merke til at ein gong seint på 1980-talet var ho redaktør for nynorsktidsskriftet Syn og Segn. Kanskje vil ho «lyga» litt om den jobben og kanskje også om andre jobbar ho har hatt. Men det som det ikkje går an å lyga om, er korleis heimbygda har prega henne, og kva slekt og vener har betydd for henne, seier ho.

Av omsyn til smittefaren blei førre møte i sogelaget lagt til Storesalen i Folkets Hus. Det blei særs vellukka. Det var god plass til alle og lett å halde på koronaavstanden på ein meter. Og dei som slit med å klare trapper, kunne ta heisen opp. Difor inviterer vi også denne gongen til Folkets Hus. Men vi begynner møtet tidlegare enn vanleg – alt klokka 1800. Og i pausen blir det servert mat, no trygt innpakka til kvar enkelt. Kaffi og te får de og. Vi har trua på at det vil bli ein kjekk sogelagskveld på Folkets Hus. Det er inga lygn.

– Roar Lund


Dato: Tysdag 20. oktober 2020
Tid: kl 1800
Stad: Folkets Hus, Storesal