Om Sneaths park i sogelaget

Tysdag 29. september kan endeleg Sauda sogelag invitere til ope møte igjen, denne gongen i  Storesalen i Folkets Hus. Naturlegvis følgjer vi alle koronareglar som finst. Det betyr at vi kan vere inntil 76 tilhøyrarar samla. Hovudtema for kvelden er Sneaths park, men også andre grøne flekkar i vakre Åbøbyen vil vi kome inn på.

Kirsten Hellerdal Fosstveit er utdanna arkitekt med stor interesse for hus og hagar i Åbøbyen. Ho har skrive fleire artiklar i Årsskrift for Sauda sogelag om hagebyen. Fem av dei finn ein i artikkelsamlinga «Åbøbyen – hagebyen under røyken», som sogelaget gav ut i sommar. Kirsten fortel at ho vil ta utgangspunkt i artikkelen sin der, «Parken i Åbøbyen». Ho vil snakke om hagebyrørsla som kom til å prege byplanlegginga til EFP, og korleis dette igjen gjorde at industriføretaket valde å anleggje ein storslått park ganske midt i Åbøbyen. Og så vil Kirsten vise bilete frå parken – langt fleire enn dei vi fekk plass til i artikkelen hennar.

Så blir det tid for kaffi og litt å bite i medan drøset går på 100 centimeters avstand. Deretter slepp Odd Magne Lønseth til. Han er med i gruppa som kallar seg «Åbøbyens venner»

Odd Magne og fleire med han i gruppa arbeider no med å finne ut korleis det kan vere mogleg å rehabilitere Sneaths park, tennisbanane og leikeplassen i Åbøbyen. Dei har gjort ein avtale med kommunen, som no eig bydelen, om å utarbeide ein forstudie om saka i haust. Han vil dele tankar og idear om dette med møtelyden.

Ver velkomne til sogelagsmøte i Folkets Hus, i Storesalen tysdag.

– Roar Lund


Dato: Tysdag 29. september 2020
Tid: kl 1900
Stad: Folkets Hus, Storesal