Årets julekalender frå sogelaget er utvalde bilete med motiv frå Sauda. Bileta er frå samlinga til forlaget Mittet & Co, og digitalisert og publisert av Nasjonalbiblioteket.
Dagens bilete
Dagens bilete viser Åbøbyen, og er tatt i 1926. Husa som står på rekke ligg i Parkveien, og litt lenger bak og til høgre ser me nokre av husa i Kongsveien. Parkveien 62-64 er frå 1925 (det store kvite huset me ser fremst i Parkveien). Dei to husa i krysset Parkveien – Haakonsgaten er bygd i 1927 og 1928 – dei er ikke påbyrja på dette bildet. Lengst til venstre kan me skimta Sneaths park.
Klikk på biletet for å sjå det i større format.
Skriv gjerne ein kommentar om du har fleire opplysningar om biletet!