– Eg er så imponert over Sparebankstiftelsen som deler ut pengar på denne måten og gjer det muleg å få gjennomført ulike lokale prosjekt i Sauda. Dette motiverer, seier styreleiar Aslaug Astad.
Sogelaget vil bruka våren og hausten til å vedta og få godkjent ein skiltplan og avtala med grunneigarar. Nå avdøde Torgeir Vetti og Lars Viland sitt temahefte frå 1999, Tre gater på Øyra, blir truleg brukt som inspirasjon.
– Det er mange aktuelle bygg, men det er også viktig at det ikkje går ”inflasjon” i dei blå skilta, forklarer ho. Målet er at skilta blir sett opp i haust, mest sannsynleg utpå seinhausten.

Kvifor blå skilt på Øyra?
Sogelaget er oppteken av både den materielle og den immaterielle kulturarven til Sauda. Det materielle handlar mellom anna om å ta vare på dei fysiske kulturminna våre, slik som bygningsmiljøet på Øyra. Den immaterielle delen er forteljingane om det som skjedde i og rundt bygningane – slik som kven som budde der, korleis bygningane blei brukt og liknande. Formidling av den immaterielle kulturarven kan skje på ulike måtar. Sogelaget gir ut sogelagshefte kvart år, og i 1999 gav me ut temaheftet «Tre gater på Øyra». Ein annan måte å formidla på, som sogelaget har god erfaring med, er skilt og informasjon ved sida av det fysiske kulturminnet. Slik kan ein også nå ut til ei ny og større målgruppe.
Nasjonal verdi
Øyra er eit område av nasjonal interesse. Det har Riksantikvaren slått fast ved å peika ut Øyra (saman med Åbøbyen) til såkalla NB!-område. Grunngjevinga for at Øyra høyrer til på den eksklusive lista til Riksantikvaren finn ein i kulturminneplanen til Sauda:
Store delar av sentrum i Sauda blei bygt ut i eit stutt tidsrom mellom dei to verdskrigane. Dette førte til eit heilskapleg bygningsmiljø med innslag av viktige monumentalbygg som i stor grad har autentisiteten i behald. Sauda sentrum har nasjonal verdi som industristad.

Lokal verdi
Like viktig som den nasjonale verdien er den lokale. Øyra, eller «byn» som mange kallar sentrum, er eit kulturmiljø som alle i Sauda har eit nært forhold til. Området er rammene for dei uformelle og kvardagslege møta mellom saudabuar på handel – og for dei store anledningane med talar og møte på festdagar og viktige arrangement. Dette gir Øyra høg lokal verdi, og er truleg til eit av dei viktigaste kulturmiljøa for saudabuen. Øyra er slik viktig for vår identitet som saudabuar.
Stortingsmelding 16 (2019–2020), «Nye mål i kulturmiljøpolitikken» seier dette om verdien av kulturmiljø:
Kulturmiljøpolitikkens generelle verdigrunnlag er basert på at kulturmiljø representerer både miljømessige, kulturelle, sosiale og økonomiske verdier. Det har betydning for enkeltmenneskers identitet, trivsel og selvforståelse. Det gir steder særpreg og egenart og er en ressurs for lokalsamfunns- og næringsutvikling.
Kulturmiljøet – det historiske bygningsmiljøet på Øyra – er slik ein ressurs for næringsutvikling i Sauda. Me trur det er eit større potensiale her enn det som er henta ut i dag, og at skilting og styrking av historia og særpreget til Øyra kan vera med auka attraktiviteten til Sauda sentrum.
Folkeopplysing
Di meir kunnskap me har, di meir verdset me det me har. Formidling av informasjon og forteljingar er med å auka verdien av kulturarven vår. Det gjer at me kan sjå ting med nye auge og eit nytt perspektiv, og det kan vera med å auka stoltheita til det me har, og slik styrka identiteten til området.

Me trur at forteljing om Øyra – kvifor det ser ut slik det gjer, kva har skjedd her, korleis har det sett ut – vil vera av interesse for mange.
Målgrupper
Det er fleire målgrupper ein ønskjer å nå: Folk som eig hus på Øyra, folk i Sauda elles, turistar og andre besøkande. Dei to første gruppene er sjølvsagt viktige å nå – både for å auka kunnskapen om lokalhistoria, men òg for å gjera folk medvetne på kva kulturminneverdiar dette området har. Når det gjeld den siste gruppa – turistar og besøkande – er det viktig å gi dei ein best mogleg presentasjon av historia til Øyra og bygningane her. Me trur også denne gruppa vil vera ei viktig satsing for Sauda: Kulturarvturisme er i vekst – undersøkingar viser at det er ikkje nok med fin natur, ein må også tilby interessante kulturmiljø og formidla lokal historie.

Skilting
Me ønskjer å setja opp blå skilt på 10 bygningar på Øyra. Grunnen til at me ønskjer å bruka dei blå skilta er at desse er godt kjende over heile landet, og blir assosiert med historie, kulturarv og kvalitet.
I tillegg til skilta ønskjer me å trykka opp ei brosjyre som kan delast ut til besøkande, og som butikkane kan ha framme på disken. Tanken er at besøkande til Sauda (også saudabuen sjølv) kan gå ei kulturhistorisk vandring i sentrum. Me vil også leggja ut informasjon på nettsida vår, slik me gjorde med skiltløypa i Åbøbyen: https://sauda-sogelag.no/abobyen/