Sauda i vikingtida

I år er det 1150 år sidan slaget i Hafrsfjord då Harald Hårfagre samla landet til eit rike. Så seier i alle fall soga. Då er det naturleg at jubileet blir ekstra heftig markert her i Rogaland. Og det blir det, med ein jubileumsfest som varer i heile elleve dagar til ende, med programstart i Haugesund 9. juni, og avslutting i Hafrsfjord 19. juni.

Vi i Sauda sogelag tjuvstartar jubileet alt på tysdag. Då blir vikingtida tema i Storesalen på Folkets Hus med lokalhistorikaren framfor nokon annan i Sauda, Arnvid Lillehammer. Han har sjølv valt overskrifta for kvelden: «Sauda i vikingtida – kan me seia noko om det?». Og han fortel at han vil freiste å svare både på det spørsmålet og fleire andre om Sauda meir enn tusen år tilbake i tid. Arnvid seier han vil kome inn på den generelle bakgrunnen for denne perioden i landet vårt si historie, og så vil han kome nærmare inn på Sauda si vikinghistorie. Han vil ta utgangspunkt i dei få gjenstandane frå denne tida som er funne i kommunen. Han nemner mellom anna sølvskatten som blei funne under Staurhidler, like bak rådhuset ein gong på 1800-talet. Og så seint som i 1944 kom Paul Austarheim over ein gullbrakteat i åkeren på garden hans på Teig. Kan desse og andre funn fortelje oss noko om bygda vår, og korleis folk levde så langt tilbake i tida? Vi reknar med at Arnvid, som jo er utdanna arkeolog, vil grave fram svar på desse og mange andre spørsmål om Sauda i vikingtida.

Denne gongen blir det ikkje musikk i pausen. «Vikingarna» kunne ikkje kome. Men ein matbit og te eller kaffi til alle, det blir det heilt sikkert. Ver velkomne til vikingkveld på Folkets Hus.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 26. april
  • Tidspunkt: kl 19:00
  • Stad: Storesalen, Folkets Hus