Blå skilt på Øyra

Dei av oss som har vandra gatelangs i byar og tettstader, har kanskje lagt merke til blå skilt på nokre av husveggane. Og så har vi lese tekstane på skilta med interesse. For her er det opplysningar å finne om hushistoria – kven teikna huset, kven budde her, kva blei det elles brukt til? I Sauda har vi til no berre eit slikt, blått skilt. Det står på ytterveggen på Tinghaug. Der kan ein lese om historia til kunstnarbustaden som no er blitt ein kjær søndagskafé i sommarsesongen.

Men no skal det bli fleire skilt i Sauda, og dei kjem i sentrum. Tysdag ettermiddag i neste veke kan alle som vil vere med på ei lita byvandring på Øyra. Då vil Sauda sogelag avsløre kva for fem bygg som har fått blått skilt på veggen. Og naturleg nok, då vil dei som blir med, få vite kvifor nett desse bygga er valt ut. Det er berre å møte opp på Bankplassen utanfor «Den grønne banken» klokka 1700 og bli med på sentrumsrunden. Etterpå serverer vi kaffi, vaflar og litt underhaldning i hagen bak Kløver. Då blir det og tid for ein liten lokalhistorisk drøs. Kanskje vil nokon meine at andre hus skulle ha vore æra med skilt. Dei skal vite at til hausten ein gong vil vi by på nok ein sentrumsrunde og fem nye blå skilt.

Det er Sparebankstiftelsen i Sauda som har løyvt pengane til dette prosjektet, og det er Sauda sogelag særs takknemleg for.

Roar Lund


  • Dato: Tysdag 24. mai
  • Tidspunkt: kl 17:00
  • Stad: Bankplassen