Borg

Rådhusgata 40

gnr 28 / bnr 161
Byggjeår: 1929
Bruk: Bustad, manufaktur, gullsmed, musikkforretning, hatteforretning, skreddar, skoforretning, sjåførskule, husflidsforretning, brudesalong, frisør
Borg er midt i biletet, som ein hovusakleg ser taket av.

Bernt Stråtveit frå Vats, som var gift med Severine Kristensdotter Fløgstad, flytta i 1929 til Sauda etter å ha drive hotell i Åmsosen ei tid. Dei kjøpte tomt i Rådhusgata, nær kyrkja, og bygde der ei to-etasjes hus i 1929. Eigedomen fekk namnet «Borg». I første etasje var det to forretningslokale, eit større og eit mindre. Det var nedgangstid i byrjinga av 1930-talet, og huset sto noko i utkanten av Øyra, så dei hadde til dels vanskar med å få leiga ut lokala den første tida. I 1934 starta John W. Norheim på si lange forretningskarriere i Sauda, og det var her i «Borg» at han først heldt til, i det minste lokalet. Han starta i det små, som så mange andre, selde berre undertøy den første tida. Under krigen vart lokala nytta som husvære. Då Nils og Magda Espeland leigde eit av lokala og opna gullsmedforretning i 1955, måtte dei først gjera det om til butikklokale igjen.

I det nordre lokalet heldt då E.G. Nilsson sin musikkhandel til. E.G. Nilsson, som var frå Sverige, hadde opna forretninga kort tid etter krigen i det huset. Forretninga førte musikkinstrument, grammofonar, grammofonplater og rekvisita. Fru Nilsson var modist. Ho forma og pynta damehattar og selde dei i det same lokalet. Etter at gullsmed Espeland hadde etablert seg i Hærem-huset, Krossveien, vart det frisørsalong i dette lokalet. Gunnar Rustad leigde det i ca 3 år. I 1959 flytta han salongen til det nåverande Presanghuset, Birkelund. Men han selde salongen der etter nokre månader til Karsten Stueland. Sjølv reiste han tilbake til heimbyen Halden og dreiv salong der og seinare i Haugesund.

Annonse i Ryfylke, like før jul 1938.

Skreddar Dennis Greentree flytta inn i det søre lokalet etter Rustad, og hadde verkstaden der til 1964. Greentree var fra Cape Town i Sør Afrika, men hadde segla med norske båtar og er norsk statsborgar. Han er gift med saudajenta Astrid Johannesen. Dei emigrerte i 1964 til Canada.

Hatteforretning var det også etter at E.G. Nilsson hadde slutta. Alfhild Olsen hadde hatteforretning der i tida 1964 til 1968. Det var då berre eitt lokale. Kristen Stråtveit, son til Bernt og Severine, som hadde overtatt huset, selde det i 1968 til Johannes Maldal. I eit par år var det så skoforretning, «Sampson Sko», ved Helge Sampson, Haugesund. Det var Astrid Olsen som styrte forretninga, og i 1970 vart den flytta til Triangelbygget. Som ein kuriositet kan nemnast at det også var eit PLO-kontor i huset ei kort tid. I slutten av 1970-åra heldt Per Michaelsen sin sjåførskule til der, og i byrjinga av 1980-åra var Norleiv Austarheim sin sjåførskule i same lokalet. Broren Ragnar Austarheim overtok i 1983 og nytta lokalet som skolager til 1991. I 1992 og 93 var «Snella» der, ei husflidforretning starta av Berit Fløgstad. Etter eit par år i «Borg» flytta ho til «Det Blå Hus». Nå (1999) held «Anja’s Brudesalong» til i huset, driven av Anja Huse.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.