Kolbenshaug

Rådhusgata 31

gnr 28 / bnr 53
Byggjeår: 1916
Bruk: Skreddar, bokhandel, klesforretning, skobutikk, skomakar, ølagentur, brødutsal, bakeri, fiskehandel, sportsforretning, frukt- og tobakksbutikk, foto- og rammeforretning.

Anders Garstad kom til Sauda frå Rjukan seint på hausten 1915 for å sjå på tilhøva. Det enda med at han etter kort tid kjøpte ei stor, sentral hjørnetomt av Amund Søndenå, og alt i februar 1916 flytta han til Sauda med kona, Marie. og familien. Garstad, som var snikkar, gjekk straks i gang med å bygga. Huset vart bygt som bindingsverkhus, ein bygningskonstruksjon som var så godt som ukjend i Sauda på den tid. «Skjorereir», sa folk og rista på hovudet. Men huset vart ståande det – og står like godt den dag i dag. Det var opphavleg eit ope rom mellom «Kolbenshaug» og huset til Rydningen, som vart bygt nokre år seinare. Det opne rommet vart sidan «tetta til», og det vart i staden sett opp brannmur mellom husa. Seimhuset fekk med det noko auka golvareal.

Kolbenshaug er bygget lengst til venstre i biletet. Foto: Mittet/Digitaltmuseum.
Annonse i Ryfylke like før jul, 22.12.1927

Familien Garstad flytta inn i 2. etasje. I første etasje var det den gong tre butikklokale. Det eine var rett nok svært lite. Det er noko uklart kven som hadde desse butikklokala dei første åra. Garstad selde huset i mai 1917 til ein skreddar H. Stensen. Det er truleg Haldor Steinson Kolbeinshaug frå Ølensvåg, som skriv seg slik. Det var vel då «H. Stensen» fekk skøyte på huset at eigedomen fekk namnet «Kolbenshaug». Han gifta seg seinare med Martha Tvedten. Det ligg nær å gå ut frå at han opna skreddarforretning i huset. Men kort tid etterpå er det bokhandlar Ragna Olsen som eig huset. Bokhandelen var der rett nok berre ei kort tid. I bladet «Ryfylkeposten» 15. mars 1919 står det følgjande kunngjering: «Frk M. Tvedten, tidligere assistent ved Sauda feltpostkontor, aapner i begynnelsen av april en ny modeforretning i bokhandelens eiendom i Sauda». Det ser då ut til at Ragna Olsen framleis er eigar av huset, sjølv om ho truleg alt då har flytta bokhandelen lenger ned i Rådhusgata. Garstad på si side, kjøpte i 1919 ei tomt oppe ved kyrkja. Her bygde han hus og starta mineralvatnfabrikken «Fram». Han selde selters, brus, «enebærøl og ettikk, går det fram av annonsen.

Her har Kolbenshaug fått selskap av «Garstadbygget» (t.v.), og dei har bygd saman opninga mellom dei to bygningane.

Kolbenshaug er første huset f.v. (Kjelde: Soga om Sauda, fjerde bandet)

Ole Seim, f. 1887 i Røldal, starta «Skotøymagasinet» i 1920. I folketellinga det året er han nemnd som skomakar. Han heldt truleg til i «Kolbenshaug», i alle høve kjøpte han huset i 1924. Skoforretninga dreiv han fram til krigen, men då vart det vanskar med å skaffa varer. Ole Seim hadde ein skomakar til å hjelpa seg. Det var Olaf Lindanger, frå Skjold, som hadde verkstaden i eit lite hus i bakgarden. Ole Seim fekk tidleg agenturet for Tou Bryggeri, og tidleg i 1930-åra overtok han agenturet også for Hansa Bryggeri. Den verksemda agentura førte med seg, gjekk føre seg i kjellaren.

I 1920-åra leigde bakar Kornelius Andersen det minste lokalet, og nytta det for brødutsal, men i 1930-åra leigde han det søre lokalet. Dette tok slutt då han kjøpte naboeigedomen Heimkjær i 1939. John W. Norheim flytta forretninga si frå Stråtveit-huset og leigde det minste lokalet etter at Andersen hadde overtatt eit større. Det var framleis serleg undertøy han førte. Norheim var ikkje bryredd. Han slengde seg på sykkelen og far rundt på dørsal både i Sauda og nabobygdene. I ein annnonse i lokalavisa i 1933 går det fram at «Astrid Broens Hjemmebakeri» held til i Ole Seim sitt hus, men kva for lokale det dreidde seg om, og kor langt tidsrom heimebaksten varte, har det ikkje vore råd å få greie på. Hanna Bergeland frå Stavanger, som seinare dreiv Bergeland Pensjonat oppe ved kyrkja, selde tøy i metervis i det vesle lokalet ei tid i 1930-åra. Under krigen dreiv Arne Sandal fiskehandel i eit av lokala. Men det vart slutt i 1945.

Kolbenshaug med liggjande raudmåla trepanel.

I fredsåret 1945 var Seim framleis eigar av «Kolbenshaug», og i november same året opna John Helle og Sverre Dahle sportsforretning i det søre lokalet. Dei var begge frå Odda, men gifte med saudajenter. Begge var blant landets fremste idrettsmenn. Helle var i mange år den beste skihopparen på Vestlandet og kunne også konkurrere blant dei beste austpå. Dahle var friidrettsmann. I spydkast var han på landslaget. Det var kanskje ikkje det beste tidspunktet for ein start i forretningslivet, det var for lite av alt i dei første åra etter krigen. Men dei greidde å få til eit godt samarbeid med det kjente sportsfirmaet Gresvig i Oslo. Den gode kontakten Helle hadde med skimiljøet på Austlandet, kom også til nytte. Dei kunne såleis føre eit godt utval av ski. John tok over åleine i 1950, og frå 1951 arbeidde kona hans, Marie, f. Halvorsen, dotter til kjøpmann Ole Halvorsen, i sportsforretninga. Sverre på si side etablerte sportsforretning i Bergen.

«Skotøymagasinet» vart også opna på nytt i 1945. Det var nå Leif Hauge som dreiv det. Han overlet Saudvang kolonial til Peder Sørland, og heldt fram i skobransjen i Sauda til 1955. Han leigde det midtre lokalet. Leif Hauge flytta til Haugesund og opna skoforretning i Sørhauggata. Han døydde 49 år gammal i 1964. Det var Ragnar Austarheim som kjøpte forretninga av Hauge i 1955. Omtrent på same tid flytta John Helle sportsforretninga til «Hellebygget» i Skulegata, og Austarheim overtok det lokalet dei hadde nytta. Han heldt til der i huset i godt over 20 år, til våren 1978 då han flytta til «Fagerhorg» (Kjellevold sitt hus). Arnar Jakobsson hadde kjøpt «Kolbenshaug» året før.

Etter krigen var det frukt- tobakk- og sjokolade-butikk i det minste lokalet. I mange år var det Lilly Seim, svigerdotter til Ole Seim, som dreiv den. Ho døydde seint på hausten 1965, og Marit Gravdal tok over forretninga og hadde den i vel to år, til 1968. Sistnemnde år kjøpte Ester Svendsbråten butikken og dreiv den i ca 10 år. Som nemnt ovafor, kjøpte Arnar Jakobsson «Kolbenshaug» i september 1977, og sidan har Jakobsson Foto- og Rammeforretning halde til i bygningen. Tidlegare hadde forretninga flytta fleire gonger, men hadde frå 1952 til 1978 halde til i nabohuset. Firmaet vart starta så tidleg som 1917 av Olafr Jakobsson. Han var frå Olafsfjord på Nord-Island og var komen til Sauda hausten 1913 som snikkar for å arbeide med interiøret på det nye Saude Turisthotel. I anleggsåra frå 1915 og nokre år framover var han anleggsfotograf for Saudefaldene A/S og E.F.P. Co. Ltd. Den store fotosamlinga dette resulterte i er av stor verdi for saudahistoria. Jakobsson var også ein habil amatørmalar. Sonen Arnar overtok forretninga i 1961. I 1971 kjøpte han i tillegg «Fotomagasinet», av fotograf Andersen, som heldt til i Fagerborg. I tida 1971-78 hadde Jakobsson såleis forretning i to hus ved Rådhusplassen. I 1978 vart heile verksemda då samla i den nykjøpte «Kolbenshaug». I seinare år vart musikkvarer og videofilmar viktige vareslag. Det var trong for meir plass. I 1993 vart huset påbygt, og det vart då plass for ei rommeleg videoavdeling. Arnar Jakohsson, kona Liv og sonen Olafr arbeidde alle i forretninga.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Utsnitt frå Norges bebyggelse

Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.