Mogården

Brugata 6

gnr 28 / bnr 261 og 423
Byggjeår: 1961-61
Bruk: Jernvare, dame- og barnekonfeksjon, sportsforretning
Arkitekt: Sverre Brandsberg-Dahl

Firmaet Jhs. Rasmussen & Racine bygde huset i 1960/61. Arkitekt var Sverre Brandsberg-Dahl, Stavanger. Hovudentreprenør var murmeister Chr. Sørensen. Jhs. Rasmussen & Racine hadde da i ein del år hatt eit lager og utstillingsbygg ståande på tomta. Det sto vegg i vegg med «Nordtun», der firmaet leigde lokale av Karen Søndenå. Før flyttinga til eige bygg hadde Rasmussen & Racine lager på 14 forskjellige stader, noko som måtte ha vore svært tungvint. Etter innflyttinga i nybygget, 19. juni 1961, fekk dei 450 kvm i to etasjar og 200 kvm i kjellaren, der det også var «et tidsmessig bomberom». Butikklokala var innreidde etter svensk mønster med såkalla «karédiskar» der varene er planerte i eitt plan, slik at kundane får best mogleg oversyn over varesortene.

«Vi gratulerer disponent Karlsen og firmaet Rasmussen & Racine med nybygget, som vi anser som en flott og smakfull tilvekst i Saudas forretningssentrum», skreiv Ryfylke då dei 16. juni 1961 spanderte ei heilside til opninga av det nye bygget.

Men etter å ha vore berre vel 10 år i det nye forretningsbygget, avvikla stavangerfirmaet jernvarehandelen i Sauda og selde bygningen til Walla Henriksen.

Ho hadde då i mange år hadde drive dame- og barnekonfeksjon i Sauda under firmanamnet «Walla’s Manufaktur».

Walla Henriksen, f. Andreassen, er fødd på Karmøy, men voks opp i Saudasjøen. Sytten år gammel byrja ho i arbeid i manufakturbransjen hjå Brita Herheim. Under krigen arbeidde ho på telegrafstasjonen i Saudasjøen. Men i 1946 starta ho for seg sjølv. Ho selde dame- og barnekonfeksjon og sengeutstyr. Første året heldt ho til i Thoralf Hærem sitt hus, men flytta så til Hans og Berta Sand sitt hus Vonheim og var der til 1952. Deretter var ho heile 19 år i Stenvang, Nergaard-huset i Brugata. I 1971 kjøpte ho som nemnt «Mogården», Brugata 6.

Der dreiv ho vidare til 1977 då ho, etter 35 år i bransjen, selde forretninga til Stjernekjøp A/S ved Ingolf Slettevold. Eva og Frank Negård styrte verksemda til 1983 då dei kjøpte ut Slettevold. Negård heldt fram til oktober 1990 då han avvikla forretninga. Neste leigetakarar var Paul Selvig og Else Dahl Olsen. I april 1991 opna dei ein butikk som var driven på «franchise»-basis på vegner av «Pris Unik», eit stavangerfirma. Vareutvalet var barnetøy og også dame- og herreklede. Frå 1. januar 1996 er det G-Sport Sauda ved Stig Birkeland som leiger lokala.

Ein stor parkeringsplass høyrer til eigedomen. Kommunen har leigd plassen som har vore nytta til torg fram til 1998. Nå (1999) er det «Kiwi» ved Ordin Skorpe som disponerer det meste av parkeringsplassen.

Kjelde: Tre gater på Øyra


Bygningane på Øyra

Les om dei andre bygningane på Øyra ved å klikka på knappen under.